Gruppearbeid

Kyrkja i Bolivia finn talenta sine

Det er mange ressursar i den bolivianske kyrkja – berre ein ser etter. Det er her Use Your Talents-kursa kjem inn.

I juli hadde me gleda av å arrangere Use Your Talents-kurs i Bolivia. Førre kurs var i 2024, og planen var å ha kurs igjen i 2025, men i Bolivia er det ikkje like enkelt å planleggje som i andre land. Vegblokkeringar er eit effektivt protestmiddel og lammar landet på mange måtar. Det er vanskeleg å vite om ein får gjennomført det som er planlagt.

Kort sagt blei det ikkje kurs i 2025. Men i år blei det det – og 25.–26. juli møttest kurshaldar Maite Celeti og deltakarar frå fleire delar av landet på bibelskulen i Sucre. Faktisk kom fleire enn vi hadde venta. I 2024 var vi 35 deltakarar, men i år fekk vi ein god budsjettsprekk med 53 vaksne og 9 barn.

Alle kursdeltakarane samla
Malvin Ommedal

Draumar og realitetar

Hovudfokuset på kurset var å dele erfaringar med aktivitetar ein hadde sett seg som mål på førre kurs. Kva har ein oppnådd, og kva utfordringar og vanskar har ein støytt på?

Det var ein del variasjon. Nokre hadde gjort det riktig så bra og til og med starta med aktivitetar ein ikkje hadde tenkt på for to år sidan. Andre hadde gjort fint lite av det som var tenkt.

Ein kan snakke om både draumar og realitetar.

Folk følg nøye med
Malvin Ommedal

Bibelstudium og praktisk planlegging

Det blei også tid til bibelstudium om å bruke talenta våre, for også det har Jesus snakka om. Den mest brukte teksten er Matteus 25,14–30 i likninga om talentane, men det finst også andre døme på personar i Bibelen som brukte evnene sine til å tene, slik som Moses, Aron, Josef (son til Jakob), David, Salomo, Ester, Dorkas og andre. Gud har dessutan gjeve oss både naturgåver og nådegåver.

Vidare blei det undervist om korleis ein kan bruke talenta sine som leiar. Så vart det på nytt gjort kartlegging av framtidige utfordringar og kva kvar enkelt person og gruppe kan gjere med dei.

Så er det lett for at dette berre vert draumar. Derfor var siste post på programmet: Korleis, når og med kven.

To deltakarar presenterer
Malvin Ommedal

Viktig med klare planar

Etter kurset hadde vi evaluering med nasjonale leiarar, der ønsket frå Noreg si side var å ha ein nasjonal koordinator å forhalde seg til. Den nasjonale kyrkja forplikta seg heller til å kome med forslag om ein komité med ein leiar som misjonen kan forhalde seg til.

Det er viktig å halde liv i slike idear, slik at det ikkje berre blir enkelthendingar.

Deltakarar
Malvin Ommedal

Fleire kurs

Før kurset i Sucre hadde vi også eit dagskurs med quechuatalande som går på eit treårig kursopplegg der dei får opplæring i å vere pastorar. Sjølv om det berre var 3 av 7 som kunne vere med på dette UYT-kurset, fekk vi ein nyttig dag med dei også.

Vi rakk også eit kveldskurs med frivillige i kyrkjelyden Emanuel i Cochabamba, der blant anna nokre av dei som hadde vore på kurs i Sucre, fekk dele nytilegna kunnskap og erfaringar. Slik kan fleire få hjelp til å konkretisere kva ein kan bidra med.

Takk til Maite, som fekk til å kome og vise veg vidare etter fleire endringar av planane grunna sosial uro i dette landet.

 

Portrettbilde

Malvin Ommedal

Utsending