Forsamlinga stemmer

Generalforsamling i IEL-P

Til tross for begrensningar, blei det generalforsamling i den lutherske kyrkja i Peru. Eit nytt hovudstyre blei valt, som no ska leie kyrkja dei neste to åra.

13. og 14. mars var det generalforsamling i den lutherske kyrkja i Peru (IEL-P).

Ettersom Peru hadde byrja å avgrense møtemogleikar grunna koronaviruset, måtte IEL-P gjennomføre ei litt kortare og raskare generalforsamling enn det som var tenkt. Dette gjorde òg at delegatane fekk ei god øving i korleis ha korte innlegg.

 

Statusoppdatering

Det blei oppmoda til at berre dei som var delegatar skulle kome for å ikkje vere for mange menneske samla. Det var rundt 60 menneske samla og 31 av dei var delegatar.

Det var ein god del rapportar frå arbeidet som kyrkja driv og kva status er no to år etter førre generalforsamling.

 

Nytt hovudstyre

Hovudstyret som har vore dei to siste åra blei no takka av, og det var difor viktig å få gjennomført valet til det nye hovudstyret. Dei siste to åra har heile hovudstyret vore frå byen Juliaca.

Underteikna blei bedt om å vere «kontrolkomité» og måtte sjå at valet gjekk rett føre seg. Alle som skulle stemme, måtte signere skriftleg og med fingeravtrykk. Vidare måtte eg telle opp stemmene høgt for alle. Det var difor semje om at valet hadde gått føre seg på rett måte.

Det nye hovedstyret blei valt med fire representantar; Oscar David Bellido Zárate (president), Marcos Félix Aroni Mendoza (visepresident), Domingo Mamani Ito (Sekretær), Gerardo Yupa Chambi (vokal).

Det nye hovudstyret
Påtroppande:det nye hovudstyret saman med den nasjonale pastoren. F.h: Julian Pablo Paye (Nasjonal Pastor) Oscar David Bellido Zárate (president), Marcos Félix Aroni Mendoza (visepresident), Domingo Mamani Ito (Sekretær), Gerardo Yupa Chambi (vokal). Privat

Det nye hovudstyret har litt meir spredning i kvar dei er frå og litt forskjellig alder på dei som kom inn. Generalforsamlinga blei avslutta med innsetting og bøn for det nye hovudstyret.

 

Ver med i bøn for det nye hovudstyret som skal leie den lutherske kyrkja i Peru dei neste to åra.

Forbønn for hovudstyret
Privat
Portrett Marianne Thormodsæter

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant