Kvar onsdag, i ein vanleg skulekvardag på skulen Diego Thomson i Arequipa, får fleire hundre elevar møte noko meir enn berre vanlege fag; dei får eit møte med Jesus!
Lucio, Paulo, Veruzka, Brigitte og Massiel er alle andreårsstudentar ved det teologiske seminaret SETELA i Arequipa. Som ein del av praksisen deira bidreg dei på samarbeidskyrkja vår, IEL-P sin skule Diego Thomson, i Arequipa. Der har dei ansvar for kristendomsundervisninga for barn frå 2. til 6. klasse.
Dei fortel at skulen, som har over 500 elevar, berre har rundt 10 % kristne elevar. Resten kjenner kanskje litt til kristen tru, men går ikkje i noka kyrkje. Det betyr at kristendomsundervisninga for svært mange barn er den viktigaste – og kanskje den einaste – plassen dei får høyre evangeliet tydeleg og jamleg.
For studentane ved SETELA gir dette ei verdifull og reell øving i å formidle evangeliet. Dei får bruke sundagsskuleopplegget til kyrkja IEL-P som undervisning på skulen. Kvar onsdag står dei framfor elevane i klasserommet og får øve seg som lærarar. Dei fortel bibelforteljingar og gir mange barn sitt aller første møte med kristen tru.
Studentane har eit tydeleg mål og ei bøn: Dei ønskjer ikkje berre å formidle kunnskap. Dei ber om at det dei underviser i, skal skape tru hos barna – at dei får eit personleg møte med Jesus og lærer å ha Han som frelsar i liva sine. Dei håper undervisninga når heilt inn i hjarta!
Det som skjer i klasseromma i Arequipa, kan få ringverknader langt utover skuletimane. Når barn lærer å kjenne Jesus, kan det påverke familiar, vener og heile lokalsamfunn.
Samtidig får studentane ved SETELA viktig erfaring i å formidle trua si. Dei blir utrusta til teneste – til å vere både vitne og leiarar.
Dette er eit viktig arbeid, både på SETELA og i praksisen studentane får vere med på. Det formar ikkje berre dei som blir underviste, men òg dei som underviser.