To japanske barn leker innendørs

Påske-arrangement for barna i nabolaget

To barnefamiliar kom i kyrkja for første og andre gong denne dagen. Sjølv om vi ikkje var mange, fekk vi ei flott samling rundt påskebodskapen.

9. april vart det arrangert eit påskearrangement i kyrkja som vi er tilknytt til no under språkstudietida. Kvart år arrangerast ulike arrangement for å få fleire barn og unge til å komme til kyrkja. Arrangementa har som regel mykje leik og moro, god mat, song, bønn og ei kort andakt.

I anledning årets påskearrangement fekk Itami kyrkje gleda av å få COMPASS på besøk. COMPASS er den Vest-Japan Evangelisk Lutherske Kyrke (VJELK) sitt ungdomsarbeid.

Dei arrangerte stafett, påskeeggjakt og mange andre artige aktivitetar. I tillegg hadde dei andakt om påskeforteljinga frå Bibelen.

  

Godt tatt imot

Målgruppa for arrangementet var barneskuleelevar, men i år var det ingen i denne alderen som møtte opp.

Vi hadde invitert to barnefamiliar med barn frå 1-5 år som vi har vorte kjent med det siste året. Den eine familien hadde allereie vore med på julearrangementet og hadde lyst å komme tilbake fordi barna syntest det var så kjekt. Den andre familien var i kyrkja for første gong den dagen.

Eg vart litt overraska då det viste seg at vi var dei einaste deltakarane. Men alle dei flotte frivillige frå kyrkja og ungdomsarbeidarane frå COMPASS var så flinke til å ønske dei små barna og foreldra velkomne, så bekymringane gjekk fort over.

Spesielt for familien som var her for første gong var det fint å sjå at dei vart tatt imot på ein ekstra god måte.

  

Påskebodskapen er ukjent

I japanske butikkar kan ein kanskje sjå litt påskeharar og påskepynt her og der, men Bibelen sin påskebodskap er nok enno ukjent for dei fleste. Vi håpar at framtidige arrangement for barn og unge i kyrkja kan føre til at fleire får høyre frå Bibelen og bli kjent med bodskapen.

Be gjerne for dei relasjonane vi har med barnefamiliar her i nabolaget vårt, og for barna og ungdommane som kjem til kyrkja vår.

Solveig Barlaup

Solveig Barlaup

Utsending