Utsikt over mongolske stepper

Vi vil gå vidare med Jesus

Gud arbeidar etter si eiga klokke, og vi får stola på han. Men kanskje ser vi konturane av ei framtidig huskyrkje i minoritetsfolket vi arbeidar blant.

I halvanna år har eg fått lov å vera ein del av ei lita bibelgruppe som har tatt sikte på å utvikle seg til å verta ei huskyrkje, og etter kvart kanskje ei offentleg registrert kyrkje. Noko som ikkje er eit lett mål når medlemmene er ein del av ei etnisk minoritetsgruppe i Mongolia og den offisielle religionsfridomen ikkje står veldig sterkt i denne landsbyen.

 

Ynskje om å nå fleire

Etter halvanna år med personleg vekst i bibelgruppa, der me i lag har gått gjennom ulike bibelbøker, bedt i lag, lovsunge i lag, og til og med brukt eit godt halvår på å gå gjennom Luthers vesle katekisme som dåpsundervising, har ønsket om vekst i medlemsmasse meldt seg.

Erik* var den som først inviterte meg med i denne bibelgruppa. Etter kvart som me såg forandringane i den andre familien som er med når dei fekk lese, og fekk utlagt, Guds Ord på sitt eige språk, fekk Erik fort ideen om å gå vidare til neste familie som seier dei er kristne, men ikkje har fellesskap med andre sysken i trua.

Dåpsundervising i den opphavlege bibelgruppa førte til at den tida Erik og eg hadde til disposisjon, vart brukt der eit godt halvår til. Men no er undervisinga ferdig og dåpsdagen fastsett. I byrjinga av mai snakka me med den andre familien i bibelgruppa om å prøve å utvide verksemda og møte ein anna familie ein gong i veka.

Til å byrje med var eit av dåpsborna, 15 år gamle Aina*, skeptisk til dette, då det ville føre til at me berre kunne møtast med dei ein gong i veka. Då me fekk forklåra at håpet vårt var at den nye familien etter nokre månadars tid ville treffast i lag med Aina sin familie, vart ho meir positivt innstilt til ideen.

 

Krevjande bakteppe

Denne landsbyen har det eg vil kalla ei brokete misjons- og kyrkjehistorie som ville krevje ein eigen artikkelserie å skrive om. Men det er grunnar som stoltheit, æra, profetiar på avvege og usunne fordelar for kristne leiarar som gjer at den nye familien ikkje har ønska å møtast med Aina sin familie, til trass for gjentatte invitasjonar.

Slik opplevde Erik og eg også Aina sin familie då me først byrja å treffe dei. Der dei ikkje vil treffast med andre, for ein av dei sjølv ville verta pastor for ei stor forsamling og få den løna frå utlandet andre kristne huskyrkjeleiarar altfor ofte har fått.

Men det underet Guds Ord har gjort i hjarto deira reknar me med det også kan gjera i andre sine hjarto. 

 

Vekst i Guds tid

Så no er planen at to av oss frå den opphavlege bibelgruppa kvar tysdag skal møte med den nye familien for å først bygge opp nedbrotne relasjonar, og så sakte men sikkert byrje å be, lovsynge og lese Guds Ord i lag.

Guds tid kjenner ikkje me. Når Hans Ord har fått mjuka opp hjarto til den nye familien nok til at dei ser kor viktig det er med fellesskap med sine sysken i trua, er planen å, om Gud vil, starte med enno ein ny familie. Og så enno ein. Og enno ein.

Først er håpet at me med Guds Ord og kraft kan byggje opp dei lokale kristne som i dag sit isolert frå sine trussysken i kvar sin heim, for at dei så skal gå enno vidare med evangeliet til sine vener og familiemedlemmer som ikkje har fått høyre.

Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst. Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner? Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende? (Rom 10,13-15a)

Ver gjerne med i bøn for eining blant dei kristne i denne landsbyen, og spesielt for Aina sin og den nye familien me skal prøve å starte opp arbeid med.

 

*Lokal kristen, namnet er forandra for å gjere det lesbart og for å verne identiteten.

 

Skriven av "Jens", utsending for Misjonssambandet i Vest-Mongolia.