Muslimsk kvinne ser utover landskap

Gud krev ikkje at me kan Bibelen utanåt

Dei er villige til å gjere så masse for det dei trur på. Gjer eg det? Bruker eg ferien min på å pugge Bibelen? Nei, absolutt ikkje. Så slår det meg nok ein gong kor heldig eg er.

Det er ein ny dag på klinikken, med lite pasientar. Skuleelevane i nabobygget har ferie. Det er stilt og roleg, og minutta sniglar seg fram.

For meg som er van med norsk helsevesen, kan det vera ein prøvelse. Heldigvis har eg nokre års erfaring frå nattevakter, der eg lærte å jobba i eit anna tempo. Det kjem godt med her.

 

Kontrastar

Når det er så roleg på klinikken, får eg god tid til samtaler med resepsjonisten, ei ung, muslimsk jente. Sidan elevane på skulen har ferie no, vert me sittande og snakka litt om kva dei pleidde finna på i ferien.

Så fortalte ho, med glede i stemmen, om sine feriar som lita jente. Ho huska tilbake til tida på Madrasa, koranskule, der dei måtte læra Koranen utanåt.

Ikkje det me ville kalla kjekk ferieunderhaldning! Men det var tydeleg at dette var eit godt minne i hennar liv. Ho fortalte om tavlene dei hadde brukt, ein planke dei skreiv på med kritt.

 

Ein ven som alltid vil lytte

Eg har masse å læra av måten dei lever ut religionen sin på. Dei er villige til å gjere så masse for det dei trur på. Gjer eg det? Bruker eg ferien min på å pugge Bibelen? Nei, absolutt ikkje.

Så slår det meg nok ein gong kor heldig eg er, som har ein ven som alltid er med meg, og som ikkje krev at eg skal pugge Bibelen utanåt. Uansett når på døgnet, uansett kva det gjeld, så er Gud klar til å ta imot meg med opne armer, og høyre på kva eg har å koma med. Enten det er takk, klaging, eller bøner!

 

Eg har ein fred

Det har ikkje denne venninna mi. Ho ber ekstra i fastemånaden ramadan, for då trur dei det er størst sjanse for at Gud lyttar, men dei er ikkje sikre. Så mykje arbeid, for noko så usikkert.

Eg ber om at eg kan få vere eit lys for denne jenta, at ho må sjå eg har ein fred. Fred på tross av kva eg får til og ikkje får til. Fred når eg er flink og fred når eg ikkje er det.

 

Utsending i Østlige Afrika