Utsikt over Ulgii

Karantene i Ulgii

Byen Ulgii i Mongolia, der NLM har to einingar, er for tida satt i karantene grunna eit begrensa utbrudd av pestsmitte. Utsendingane er friske og følgjer situasjonen.

På grunn av to mistenkelige dødsfall i Ulgii vart Ulgii by sett i karantene den 30. april. Skular og sjukehus er stengt og ingen har fått lov å reise til eller frå byen.

Den 2. mai vart det avklart at dei to dødsfalla var skulda pest der murmeldyr er den sannsynlige smittekjelda, og karantenen vart utvida til å gjelde til og med den 6. mai. Så vidt me på noverande tidspunkt veit, har ingen fleire vorte smitta.

 

Utsendingar i byen

NLM har på noverande tidspunkt 2 einingar buande i Ulgii, den eine av desse er i Ulaanbaatar, men ein eining frå Khovd var på besøk då karantenen trådde i kraft. Utsendingane som oppheld seg i Ulgii er ikkje bekymra, men følgjer situasjonen gjennom lokale media.

  

Ver gjerne med i bøn for dei som har mista sine nære, og for helsepersonell/myndigheiter som har ansvar for situasjonen.

Område