
Den 27.-28. mai samlast vi på tvers av regionen i Sion sine lokaler sentralt i Molde.
Regionmøtet har eit fyldig program med opplegg for både liten og stor. Regionleiar for Sør-Amerika og Vest-Afrika Morten Egeland vert med som talar frå hovudkontoret. I løpet av helga vert det eit variert program med gode møter, sosiale treffpunkt, val og saksbehandling.
Det kjem meir informasjon om påmelding til regionmøtet og «Barnas» seinare i vår. Men det kan være aktuelt å bestille overnatting allereie no for mange.
Då vil vi tipse om følgande alternativ:
Kviltorp Camping Ligg fint til ved sjøen eit godt steinkast frå Sion. Her er det godt tilrettelagt for Bubiler og telt, i tillegg til at ein kan leige hytter her. For bobilar og camping er det drop-in her.
Bjølstad Camping (Malmefjorden, 12 km). Enkel og grei campingplass ved Malmefjorden. Fint for bubilar og camping med telt. ca 12 min å køyre til Sion. Her er det også høve til å bestille i forkant.
Vestheim ungdomssenter (Vestnes) Her må ein ta ferje frå Molde til Vestheim, men det er kort avstand frå ferjekai til lokaler på begge sider. Kairos har i utgangspunktet booka Vestheim, men det kan være nokre hytter ledige.
Botterlia leirsted (ca 30 km) Stille og fredelig leirsted på Osmarka.
Hotell i byen (3-4 km)
Molde Marina (gjestebrygge for de som har båt, ca 1 km ) Ligg ved Retiro som er eit fint friluftsområde i Molde med badelagune og stupetårn. 10 min å gå til Sion.
Programmet startar laurdag-søndag, men vi håpar på godt sosialt samvær på fleire av desse plassane fredagskvelden!