Biskopen og andre geistlige

Nytt bispedøme i Pokot

– Å verta biskop endrar ikkje noko på mitt oppdrag om å forkynna om Jesus, nei, det kallet ligg berre enno meir på meg, seier den nye biskopen Tomas Lokorii.

Ein ny biskop og eit like nytt bispedøme har no vorte vigsla i Pokot. Mange tusen menneske var samla til festgudsteneste i Chesta siste søndagen i januar.

Det er 45 år sidan Misjonssambandet starta evangeliseringsarbeid i Pokot i vest-Kenya nær grensa til Uganda. På den tida har stadig fleire kome i kontakt med Guds ord og evangeliet, og til no er det skipa godt ikring 310 kyrkjelydar, spreidde langt utanfor berre det geografiske Pokot. Dei kristne er stadig på offensiven for å nå ut med Guds ord til nye folk og bygdelag.

Til no har desse kyrkjelydane vore organiserte i 69 sokn innan eitt bispedøme. Når så tilveksten av nye kristne er stor og stadig nye kyrkjelydar skyt opp, har ein funne at her må det delast. Eit nytt bispedøme kalla Kerio Valley Diocese, tek no form.

Flere tusen i nattverdskø
Straumer av nåde:Fleire tusen stilte seg i kø for å motta nattverden. Kristoffer Krohn Sævre

 Biskopen og kyrkja vaks opp ilag

Tomas Lokorii er vald til biskop i det nye bispedømet. Han kjem frå Sekerr, ein av dei fyrste stadane der Misjonssambandet tok opp arbeid heilt sist på 1970-talet. Så i påska for 42 år sidan vart Lokorii døypt saman med 38 andre i den aller fyrste dåpen der på fjellplatået.

Han har såleis vakse saman med kyrkja heilt frå han var smågut og vore både medhjelpar, evangelist og seinare vigsla prest i den lutherske kyrkja.

Kjell Strømme fremfører hilsen
Helsing frå Norge:Kjell Strømme brakte helsingar fra Norge og dro i gang allsang på pokot. Kristoffer Krohn Sævre

I Guds hand

Det er ein audmjuk, men like fullt trygg biskop som vart innsett som biskop siste helga i januar.

– Eg skal ikkje verta «stor» når eg vert biskop, understrekar han og seier at han har eit godt tilhøve til dei andre som var kandidatar.

– Før valet la me det heile i Guds hand – den som vart vald, hadde fått dette kallet frå Gud.

Så bøyer han seg fram på sin karakteristiske vis og seier:

– Å verta biskop endrar ikkje noko på mitt oppdrag om å forkynna om Jesus. Nei, det kallet ligg berre endå meir på meg: Å visa folk vegen til Jesus. Det er det viktigaste, seier han med overtyding.

Biskop Tomas smiler
Blid biskop:Den nyinnsette biskopen Tomas Lokorii er ein både audmjuk, trygg og blid mann. Kristoffer Krohn Sævre

Vil peika på Jesus

Biskopen visar til forteljinga i Matteus-evangeliet der Johannes døyparen er kome i fengsel. Han sender læresveinane sine til Jesus for å spørja om han var den som skulle koma, eller om dei skulle venta ein annan.

– Mange tenkjer at her var nok Johannes kome i tvil. Men nei, det var han ikkje! Han ville berre få send alle sine læresveinar til Jesus. Endå meir som han visste at hans tid snart var slutt, meiner biskopen, og held fram:

– Slik vil ikkje eg at folk skal «koma til» eller «sjå» biskopen; nei, dei må visast vegen til Jesus.