ungdomar på golvet, alle bein mot målet

Full innsats i sittefotball

Kvar torsdag møtest ungdomar frå 7. kl. til 1. vgs til Jonasklubb i kapellet i Kvammen.

Torsdag 24. september reiste fire ungdommar frå Sygna ilag med underteikna til Jonasklubben i Kvammen i Sunnfjord.

Ein fantastisk gjeng som kjem saman annakvar torsdag i kapellet i Kvammen. Denne gongen var det reperasjonar i kapellet, så vi reiste til gymsalen på Gjelsvik skule.

Harald Ålen, som kan sjåast i raud vest, litt tynnare i håret enn dei andre, samlar desse ungdomane frå 7. klasse til 1. vgs.

Han har drive denne klubben trufast åleine i fleire år. Første gongen i haust var 18 ungdommar samla, og denne torsdagen var vi 22 totalt medrekna oss frå Sygna.

Kvar klubbkveld vert avslutta med andakt. Vi frå Sygna fekk dele våre vitnemål med ungdomane og inviterte dei til hospitering på Sygna og Tabuhelg i november.

Utruleg inspirerande for oss å få sjå og vere med på dette viktige arbeidet som skjer i Jonasklubben.

Ver gjerne med og be for Harald og ungdomane som samlast her ute i distriktet, ein halv time å køyre vest for Førde mot Askvoll.