Siste helga i september var det bibelhelg i Innvik i Nordfjord - på tvers av alle generasjonar.
Sist helg, 26.-27. september, var vi 53 personar samla til Bibelhelg i regi av Misjonssambandet, på Innvik Fjordhotell.
Dette skjer siste helga i september kvart år.
Det er så flott med denne helga at vi kan vere ilag på tvers av alle generasjonane.
Jon Håvard Gundersen hadde bibeltimar for dei vaksne.
Temaet var: «Jakta på lukka», utfrå Forkynneren. Livet har sine mange gåter og kan aldri gripast skikkeleg, uansett kor mykje vi jagar etter å gripa alt som livet vil gje oss. Ein dag må vi gje slepp på alt i dette livet, då er det det vi eig i Gud som er det einaste som held.
Barna koste seg
Medan dei vaksne var samla til bibeltimar, hadde borna eige opplegg med andakt og leik. Rannveig Oline Bjørnholm hadde desse samlingane ilag med Simon Olsen og Peter Aasland som går andre året på Sygna. Dei gjorde ein fantastisk innsats. Foreldra merka knapt at dei ni borna i alderen 1-8 år var der.
Tenåringssmågruppe
I tillegg hadde vi ei tenåringsgruppe med fem ungdommar. Vi hadde meir ei smågruppe med samtale og flotte oppdagingar i bibelen saman.
God mat
Innvik Fjordhotell er ein flott stad med rimelege prisar og utruleg god mat og gode senger. Merk av 25.-26. september 2027 og bli med du og. Vi startar alltid laurdag formiddag. Då kan dei som har lang reiseveg, kome fredag kveld og ha ein roleg oppstart på helga. Og skulle du verte freista til å ta ein tur på Fabrikkutsalet til Skogstad som ligg 100 m frå hotellet, ja, så har du mogelegheit til det og.