Flere folk rundt bord

Julemesseoversikt

Snart er det klart for julemesser rundt omkring i regionen, og dei ulike komiteane jobbar på høggir.

Denne veka var gjengen på bildet samla for å planlegge julemessa på Nordfjordeid 27.-28. november.

Dei har stått på trufast i mange år. Det startar med misjonsmøte fredag kveld. Sjølve messa er på laurdagen med åresal, matsal og sal av handarbeid og diverse bakverk. I år vert Anna Cecilie Rifsgård med som hovudtalar.

Oversikt
Det er julemesse fleire stader i regionen:

  • Askøy (Kleppe bedehus): 7. november
  • Balestrand (bedehuset): 25. november
  • Logoskirken (Nesttun bedehus): 21. november
  • Nordfjordeid (bedehuset): 27.-28. november
  • Nordhordland (Nordhordlandshallen): 14. november
  • Salem Misjonskirke: 21. november

Tusen takk!
Stor takk alle dykk som kvart år har julebasar eller julemesser rundt om i regionen. Dette betyr mykje for økonomien, men er og viktige samkomer der vi kjenner på at vi står saman med fleire i misjonsarbeidet. I tillegg får vi dele evangeliet med mange menneske som ikkje kjem på møte til vanleg.

La oss vere i bøn om at julemessene kan få verta til velsigning for menneske både her i Norge, men og langt ut over våre landegrenser.