Jan Magne Steinhovden utanfor Villaen

Ny rektor på Kongshaug

Jan Magne Steinhovden er godt kjent på Kongshaug. Han har vore både lærarbarn, elev, folkehøgskulelærar og lærar på musikkgymnaset. No er han tilbake, som rektor.

Musikkgymnaset har fått ein erfaren musikar og pedagog som øvste leiar. Fiolin og piano har han spelt sidan han var liten. Men no har han frigjort seg meir frå notar og prøver å leika seg på instrumenta. Han vil ta Kongshaug sitt motto på alvor: «Skapt til utfalding». Slik vil han utfordra både personalet og elevane til å gå utanfor komfortsona, leita etter skapargleda meir enn å vera best på sine område.

– Eg var ein allrounder då eg kom til musikkgymnaset som musikklærar. Men her var folk spesialistar på sine ting og fekk oppgåver etter det. Det tok noko av frimodet, og spelinga vart meir jobb enn glede. Eg vil gjerne at her skal det vera plass både for «allrounder» og «spesialist».

 

Jan Magne spelar violin
Utøvande musikar:Jan Magne har spelt klassisk fiolin sidan han var liten. No øver han seg på meir frispeling Gro Bjørndal

Frå barnehagelærar til profesjonell musikar
Me møter den nye rektoren i hans første arbeidsveke, før elevane og dei fleste lærarane har funne vegen til «haugen». Dei siste 20 åra har han jobba på NLA, der han har undervist i musikk, mest på førskulelærarutdanninga. Elevane på Kongshaug endar i mange yrke. Nokre vert barnehagelærar og tek fram gitaren og syng med barna. Det er like viktig og verdifullt som å verta profesjonell musikar.

Skulen er godt kjent utover i landet og har eit godt rykte. Men det er ikkje lenger «umuleg» å koma inn. I år har 46 elevar fått plass, og det kunne fortsatt vore eit par til. – Ei utviding med fleire elevar og større grupper, t.d. med dans eller drama, ville både hjelpa på økonomi og gjera tilbodet breiare, tenkjer han høgt. – Men det er i tilfelle noko styret må sjå på.

 

Musikk i Bibelen
Jan Magne begynte offisielt i jobben laurdag 1. august. Då drog han til Bergen Kristne Bokhandel og kjøpte ein bibel. Den har fått plass på personalrommet, men der også elevar har tilgang. Han ønskjer at folk skal bruka den, sitja i ro og mak, lesa eit kapittel og leita etter song og musikk i det dei les.

Det kristne innhaldet er viktig for skulen, med andaktar, faget kristen tru, bibelgrupper, osb. Også elevane tek initiativ og startar gjerne dagen med bønn.

 

Erfaring frå Etiopia
Jan Magne har også tidlegare vore rektor, på det teologiske seminaret Tabor i Etiopia. I forkant hadde han vore sjuk, og kunne ikkje jobba meir enn 100 %, noko ein rektorjobb gjerne krev.

– Hadde eg visst kva jobben innebar, hadde eg aldri sagt ja, seier han i dag. – Samtidig vil eg ikkje vore den erfaringa forutan, det var veldig meiningsfullt. God leiing er ikkje å ha kontroll på alt. På Tabor forstod eg at det var mykje eg ikkje kunne, og måtte vera tett på m.a. styreleiar. Eg måtte prioritera. Vekentleg tennisspeling vart både forbilde for andre og hjelp for meg.

Bilskilt med teksten Ta det piano
Nyttig bilskilt:Mopedbilen går fort, men er gratis i bomstasjonar og gjev ei god oppfordring inn i rektorjobben Gro Bjørndal

Også no har han ein sjukdomsperiode bak seg. Det gjer noko med perspektivet, meiner han.

– Jakob kjempa med Gud og vart halt, noko han hadde med seg i bagasjen inn i leiaroppgåva. Og Gud bad Gideon gå og bruka den styrken han hadde. Jan Magne tenkte at denne jobben kom for tidleg for han, men ting har lagt seg til rette på alle måtar, og mannen me møter er full av energi, glød og tankar om det som kjem.

 

Kompetanse
Jan Magne hadde ein master i World Music Studies frå England. Det gav han doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen i etnomusikologi. Men pandemi mm har gjort at doktorgraden ikkje vart fullført. I jobbintervjuet sa dei at Kongshaug ville legga til rette for at han kunne gjera den ferdig. Det gav motivasjonen og energien som skulle til for å få ei komplett utgåve klar til språkvask, ikkje til 1. august som han sette som mål, men i juni, som også gav tid til ein god ferie.

Han skriv om musikken i Etiopia og Eritrea, ein musikk som ikkje er sett på som særleg interessant i vesten. Det gjev mykje læring til alt frå musikkskular som ikkje har mange innvandrarelevar til kristne forsamlingar med einsretta musikkstil. – Viljen er nok der til å nå breiare, men vanskeleg å få det til. No har han vore på loftet og henta ned bortgøymde instrument frå Afrika og Latin-Amerika, som eit ledd i å jobba med det globale misjonsperspektivet.

 

Forbønn og kontakt
Mange har sagt at dei ber for han i den nye jobben. Det har vore godt å merka.

Han håpar misjonsfolket både vil koma på besøk og invitera skulen ut til seg, dei treng kvarandre.

 

Artikkelen vart først publisert i regiondelen av Utsyn nr. 9/26.