Du tenkjer kanskje ikkje at du er ein leiar, og derfor heller ikkje at Leder27 er noko for deg. Ver ikkje så sikker på det
Helga 5.-7. februar samlast heile Misjonssambandet til Leder27 (tidlegare Fellesskapskonferansen) i Stavanger. Både frivillige og ansatte møtest til nokre dagar med inspirasjon, utrustning og fellesskap.
Leder27 er møteplassen for leiarar på alle nivå i Misjonssambandet – frå den minste smågruppa til øverste leiing. Her samlast tilsette og frivillige frå heile landet for å henta inspirasjon, bygga relasjonar, læra av kvarandre og bli betre rusta til oppgåvene dei står i.
Du – ein leiar
Er du ikkje leiar, seier du? Heilt sikker på det? – Stå i døra og ønska velkomen. Leia eit møte, eller ei smågruppe. Opna eit bønemøte. Forsongar, eller spela gitar eller piano til songane. Steika vaflar til barnelaget. Henga opp plakatar. Laga forsamlingskaffi. Hjelpa barna med hobbyaktivitetar. Styra lyd eller bilde. - Uansett oppgåve, så er Leder27 for deg!
Me håpar me vert mange fra region Vest. Og jo fleire som vert med, jo fleire kjente møter du – og jo fleire får med seg inspirasjon heim att. Fyll opp bilen og bli med! (eller ta bussen, går ofte frå Bergen til Stavanger).
For alle aldrar
Mange er flinke til å senda ungdomane til denne konferansen. Og det er flott!
Men - konferansen er ikkje berre for dei unge, men også for foreldre- og besteforeldregenerasjonen. Me ønskjer at det skal vera plass til alle generasjonane i fellesskapet vårt. La oss visa det med å reisa saman til Leder27. Dei fleste har ei eller anna oppgåve. Og har du ei oppgåve, så er Leder27 for deg!
Variert
Temaet for konferansen er «For å setje dei heilage i stand» (Ef. 4). Gjennom fellessamlingar, seminar, læringsverkstader og nettverkssamlingar vil Leder27 gje både fagleg, åndeleg og praktisk påfyll.
Kva hjelp er det å få til barnelaget, eller med å dela den kristne trua i familien? Korleis bør gudstenestene våre vera? Er Misjonssambandet ei kyrkje eller ein organisasjon? Korleis gje ungdomane ei god leiartrening? Kva betyr det å gå til dei minst nådde? Korleis handtera vanskelege saker i forsamlinga? - Desse og mange fleire spørsmål kan du få svar på denne helga, m.a. gjennom dei mange læringsverkstadane.
For meir info og påmelding: nlm.no/leder27