I januar er det duka for den årlege russeturneen, og i år stiller Vestborg med eit rekordstort russekull!
Rundt 50 avgangselevar skal reise rundt i regionen for å fortelje om Vestborg og samle inn pengar til misjonsprosjektet. Elevane reiser i grupper saman med ein talar eller forkynnar, og får bu hos kjekke folk rundt om i regionen.
På turneen får russen utfordra seg på ulike område, mellom anna som møteleiarar, i lovsongen og ved å fortelje om misjonsprosjektet. I år samlar vi inn til arbeid i Vest-Afrika. Pengane skal mellom anna bidra til mediearbeid, samfunnsutvikling, evangelisering og bibelomsetjing!
I starten av november skal to av elevane besøkje misjonsarbeidet i Elfenbenskysten. Der skal dei møte utsendingar og lokale, besøkje kyrkjer og få sjå nærare på korleis arbeidet blir drive. Dei skal og dokumentere reisa, slik at dei kan dele opplevingane og gi eit innblikk i misjonsarbeidet til dei vi møter på turneen og medelevar.
Russen gler seg til å reise rundt, møte folk og dele både engasjementet for Vestborg og misjonsprosjektet. Vi håpar mange vil ta turen når Vestborg-russen kjem på besøk!