Advent er ei fin tid for refleksjon, og bruka tid i fellesskap. På adventsleirane møtest alle generasjonar.
Advent er ei tid for refleksjon, vera stille, lytta, bruka tid i fellesskap. Vi ventar på Jesus som kom for oss. Advent kan vera ei fin tid for å vera på leir ilag og samla seg om den gode bodskapen som familie. Å bruka tid saman og tid med Gud er gode prioriteringar før jul.
Tema for leirane er: «Krybba i Betlehem». Kva kan vi læra av dei ulike karakterane rundt krybba?
Vi gler oss og håpar du og din familie vil kome! Det blir x-games, juleverkstad, tru i heimen og mykje adventskos. Her er det plass til besteforeldre, foreldre, tanter og onklar og mange barn og ungdom!
Leirsjef: Solfrid Sørbø
Talar for vaksne og barn/ungdom: Reidar Røyset Almedal og Jorunn-Marie Haugstad
Prisar:
0-3 år: Gratis
4-10 år: 945,-
11-15 år: 1045,-
Vaksen: 1380,-
Makspris pr kjernefamilie: 4700,- (kryss då av for Faktura, så får du tilsendt faktura med rett sum etter leiren).
Obs: Alle enkeltprisar stig med kr 100,- og makspris utgår fom sju dagar før leirstart.
Leirbrosjyre for nedlasting finn du HER.