Kajakpadlere

SommerTreff Sygna-klubben

Lurer du på kva SommerTreff Sygna-klubben er? Då kan du lese meir her.

SommerTreff Sygna-klubben er ein klubb for alle deltakarar og leiarar på SommerTreff. Klubben har eit styre som vert valgt på eit årsmøte i løpet av SommerTreff. Tidspunkt og saksliste vert lagt ut på desse sidene seinare.

Klubben jobber for at SommerTreff Sygna skal

  • vere ein leir med Jesus i sentrum
  • at deltakarane og leiarane på SommarTreff får vere med og meine noko om og påverke korleis SommarTreff skal vere framover

Ein vert medlem i SommerTreff Sygna-klubben ved å krysse av for det i påmeldinga til leiren. Medlemsavgifta er 50 kroner. (Som medlem får du litt reduksjon i deltageravgifta.)

SommerTreff Sygna-klubben er ein sjølvstendig klubb registrert i Misjonssambandet, region Vest og innmeldt i Misjonssambandet Ung.