Veiskilt

Korleis kjem du deg til Sygna og Balestrand?

Dei fleste tek buss eller båt til SommarTreff. Me hjelper deg fram :-)

1)    Planlegg du å ta buss til Balestrand, sjekk ut https://www.skyss.no/ 

2)    Planlegg du å ta båt til Balestrand, sjekk ut https://www.norled.no/hurtigbat/

3)    Planlegg du å fly, kan du fly til Sogndal (Haukåsen) eller Førde (Bringeland).
Deretter buss til Balestrand.

 

Fellesreise

Me set opp fellesreise tur/retur Bergen med reiseleder. 

  • Alle har sjølv ansvar for å kjøpa billettar. Gjer det i god tid så du sikrar deg plass (meir om avgang og lenker til billettar lenger nede). Dei som har ungdomskort i Vestland, kan bruka dette begge vegar. Det er den billegaste løysinga.
  • Kryss av for at du vil følgja fellesreisa i påmeldingsskjemaet.
  • Me sender ut informasjon til dei som skal vera med på fellesreisa litt i forkant av SommarTreff.

 

Frå Bergen 21. juni

NB! - Reisemåte og tider for 2024 vert oppdatert når buss- og båtselskapa har klare sine sommarruter.

 

12:30: Avreise Bergen busstasjon, plattform O. Kjøp billett på førehand på Nor-Way (dersom du har ungdomskort, kryss av for vaksen og bruk rabattkode ungvest, då skal du få opp ein pris på kr 19, som må betalast). 

15:25: Kjem til Vadheim. Bussbytte.

15:30: Frå Vadheim (med Kringom)

Her må du kjøpa billett om bord dersom du ikkje har ungdomskort. Det er ikkje muleg å bestilla på førehand. Me melder til Kringom at me kjem som gruppe på denne avgangen.

16:40: Balestrand kai 

Me ordnar skyss frå kaien til Sygna. 

 

Retur til Bergen 25. juni

Båt frå Balestrand kl. 11.30. Er ved Bergen Strandkaiterminal kl.15.20

Sjølv om du har ungdomskort, må du bestilla billett, kryss av for Reservasjon Ungdomskort. Hugs også å kryssa av for fellesreise i påmeldinga.

Kjøp billett her 

Hugs at opptil 16 år (med båten) og 17 år (med bussen) kan ein kjøpa barnebillett dersom ein ikkje har ungdomskort.

Har du spørsmål om fellesreisa kan du ta kontakt med Marta Sortland Leodo på mleodo@nlm.no