MINIANDAKT: – Kjære Jesus! Skap i meg det frimotet eg treng for å dele evangeliet med menneska rundt meg
Om morellene ikkje vart plukka snart, ville dei deise i bakken utan å vere til glede for nokon. Men enno hang bæra der dei skulle. Det var berre å strekke handa ut og gripe.
Me plukka, åt og samla for å ha noko å dele. Så heiv me oss på telefonen. Dette kunne me rett og slett ikkje halde for oss sjølve. Andre måtte få vite!
På heimvegen dukka det opp ein ransakande tanke i hovudet mitt:
Kvifor er eg meir entusiastisk over å kunne dele nyhetene om billige moreller enn eg er for å dele trua mi? Kvar blir det av denne boblande begeistringa når eg har har høve til å dele det som verkeleg betyr noko?
Eg har ikkje svaret. Men eg anar kvar løysinga er å finne:
Kjære Jesus! Skap i meg det frimotet eg treng for å dele evangeliet med menneska rundt meg. Gjer meg til eit begeistra vitne for di sak! Amen!