
NRK fjerner morgonandakten i P1. Det er eitt tap, for den har i generasjonar vore viktig for mange. Men på pTro og andre kristne radiokanalar kan du fortsatt høyre både andakter og mykje anna oppbyggeleg innhald.
Nyleg kom nyheita om at NRK veljer å fjerne morgonandakten i P1. Då veljer dei å ta vekk eit tilbod som har lang historie både hos NRK og i den norske radiotradisjonen, og noko som er ein viktig start på dagen for mange.
Dette er eit merkeleg val av NRK. Vitnesbyrd frå Guds ord har vore med å prega det norske samfunnet i årtier, og eg tenkjer det har vore viktig for å forma verdiar i det norske samfunnet.
Dette er ei avspegling av samfunnsendringa – trua blir fjerna frå det offentlege rom. Eg trur ikkje dette er bra. Det kan vere gode intensjonar bak å sleppe mange livssyn til – men ingenting kan erstatte vitnesbyrdet om Jesus. Dersom ein skal formidle innhald frå mange livssyn – blir det då bodskap igjen? Blir det å gå frå formidling av kristen tru – til informasjon om ulike livssyn?
No forlet NRK det å formidle det unike håpet i Jesus – kven skal då formidle håpet til dei som lyttar og treng håp?
Lyttartal på NRK sin Morgenandakt har vist oss at menneske i Noreg treng dette i kvardagen. Difor vil radiokanaler som pTro halde fram med å snakke opent og frimodig om kristen tru, om håpet i Jesus og etterfølgelsen av Han.
Lytt til pTro om du er nysgjerrig på Jesus og kristen tru. Andaktsstoff, trushistorier, variert kristen musikk og aktuelle reportasjer .
Har får du andakter kvar dag – heile året! Du finn oss på DAB og nettradio.
Anne Birgitte Lillebø Bøe
Redaktør og daglig leder i pTro