Menn går på tunet

Dåp i Mali

Reisa mot trua byrja allereie då NLM fyrst kom til landsbyen i 2006. No er "Yaya" endeleg døypt.

Vi kan kalle han Yaya. Han er ein stad i 70-åra. Heilt sidan NLM kom til landsbyen hans i 2006 har han hatt kontakt med utsendingane. Han var ein av handverkarane som vart hanka inn i samband med bygging av misjonen sine hus.

No er han plaga med ryggen og må kvile seg mykje. Kjem ein innom for å helse på, ligg han ofte og høyrer på ein lydspelar med NT innspelt på bambara. På ulike samlingar om Guds ord, søndag under tuntreet, i nabolandsbyen hjå venen hans der vi samlast ein gong i veka, kan han ofte fortelje mange av historiene frå Bibelen nesten ordrett.

I oktober 2019 vart han døypt.

Det var ei fin ettermiddagsstund i ein naboby, i kyrkja til pastoren som i si tid inviterte NLM til dette området. Fleire som samlast i vår vesle «huskyrkje», under tuntreet, vart med. Ein dag for glede. Ein til som skal vere med i den uteljande flokken, frå alle folkeslag, ætter, tungemål … som ein dag skal stå framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, vaska i blodet frå lammet og prise Gud.

 

Ei stor kvit sky

Korleis gjekk det til at du vart interessert i den kristen trua? undrar eg.

– Det var då eg arbeidde saman med Soleman [Tor Ove Haga, bygningsmann, merknad red.], fortel Yaya, at Diby, vakta, sa til meg at han gjerne ville verte kristen. Ville ikkje eg fylgje han inn i den kristne trua? Eg svara at han måtte la meg vere, førebels, at eg laut tenkje fyrst. Seinare vart vakta kristen, men det gjekk 4 månader, før han fortalde meg det.

Yaya held fram om ei anna hending som var viktig for at han starta på den kristne vegen.

– Ei natt drøymde eg at ei stor kvit sky kom inn i rommet mitt. Aldri har eg sett noko så lyst. Eg vakna og såg dette lyset som fylte rommet. Det var det som vekte meg. Alt i rommet var synleg, sjølv om det var midt på natta. Lyset forlèt rommet litt og litt. Vindaugsslåa var att.

Kva tenkjer du dette betydde?

– For meg var skya eit teikn på Guds nærvær og at han viste meg sin veg, at eg skulle velje den kristne vegen. Då eg fortalde om opplevinga neste morgon til vakta, til Soleman og til Moussa [Mons Gunnar Selstø, utsending NLM, merknad red], støtta dei meg i det. – Det er Gud som vil du skal verte ein truande. Han vil vere med deg, sa Moussa.

 

Porten og vegen

Korleis ser du på Jesus i dag?

– Alle som vil verte kristen, før ein vert ein Jesu etterfylgjar, så må ein kjenne han. Så kan ein fylgje vegen. Ja, det er han som er vegen. Det er han som er porten. Den som vil kome til Gud, må gå gjennom Jesus, han må tru på Jesus. Det er han som har gjeve sitt blod for å frelse oss. Vi kan ikkje gløyme han.

Når eg spør han om eit bibelord som han er glad i, tek han fram songboka.

– «Gud vår Far, velsigninga sin Herre …» Den songen seier mykje. Ingenting er større enn Guds velsigning.