Et forlatt gullgraverhull

Fisk frå eigen dam

På gullfeltet, der det tidligare var store, farlege hull etter gullgravinga, ragar allereie skogen som vart planta. Tre meter, fire, kanskje meir. Over seks tusen tre. Og i 2019 skjedde det meir her.

På eit stort skilt ved inngangen til det seksti dekar store området, kan ein lese korleis profitten frå skogen i framtida skal fordelast. Noko til jordeigar, Diarrala-klanen og noko til dei to tilgrensande landsbyar. Noko til komiteen som er sett til å stelle og sjå til feltet og 10% til kommunekassa.

 

 

Det starta med kvinnene

Så skjedde det meir. Ein fiskedam vart gravd ut, og frukttre vart planta på bredda. Og det starta med kvinnene.

– Kva med oss, spurde dei ved eit høve. – Vi tek del i dugnaden på feltet på lik line med mennene, men når trea vert selde, kjem mennene til å styre gevinsten. Rett nok får vi flisved til matlaginga, og vi gler oss over bygningsmateriale til husa våre. Likevel, er det ikkje mogleg at vi kvinnene frå tre landsbyar kan få ein fiskedam som vi kan vere saman om?

Og slik gjekk det til at det i det nye femårsprosjektet som vart starta i 2019, vart søkt om midlar til ein fiskedam. For kvinner.

 

Fylgjer spent med på dammen

N’Baba (50) er ei av dei som førte ordet på vegne av kvinnene, ho er i dag medlem i komiteen som er sett til å forvalte og styre med fiskedammen.  Saman med kvinnene fylgjer ho spent med på dammen.  Så langt, etter at fyrste regnsesong er på hell, ser det bra ut.  Dammen held vatn. Kor lenge utover i tørketida vatnet vert ståande, vil framtida syne.

Korleis fekk de ideen om ein fiskedam for kvinner?

– Då vi vaks opp, hugsar eg at vi kunne fiske langt utover i tørketida i vatn som vart ståande på elvesletter og i kulpar i elvene, fortel N’Baba. − På elvesletta kunne eg og venene mine avgrense eit lite området i det grunne vatnet. Med hendene grov vi ut leire som vi demte opp vatnet med.  Vi måtte skunda oss, for leirmurane kring kulpen vår heldt ikkje lenge. I full fart tømde vi han. Så fanga vi fiskane som sprella i mudderet – med berre hendene.  Men no  tørkar elvane ut når regntida er slutt. Kulpane som før heldt vatn er tetta til etter gullutvasking av jorda, og det er mest heilt slutt på tørketidsfiske som var så viktig før.

 

Gode landsbyar å leve i

− Om denne dammen vert vellukka held N’Baba fram, så vil alle vinne på det. Ikkje berre vi kvinner, men også mennene våre. Borna, dei eldste – vi kan alle få verdifull mat frå vårt nærmiljø

− I dag kjøper vi dyr og importerer fisk, legg venninna Nasou til. − Ingenting er betre enn fisk frå like ved oss og til ein billegare penge.

− Om dette fiskedamprosjektet vert vellukka, seier Astan, vil det knyttast band mellom oss kvinner frå tre ulike landsbyar. Vi vert som ein familie omkring eit felles prosjekt. Om ein får til slike gode fellesskap, vil landsbyane våre verte gode å leve i.

Korleis tenkjer de organisere fisket?

– Vi diskuterer fleire modellar, seier N’Baba.  Den modellen som flest støttar, foreslår at fisken vert seld i alle tre landsbyane til ein pris som er billegare enn den importerte, med fordelingsnøkkel etter folketalet. Pengane som kjem i kassa til fiskedammen kan nyttast til vedlikehald og til andre utviklingsprosjekt, til dømes utgraving av kulpar og basseng i eleveløpa, slik at vi får fisket tilbake.

 

Rehabiliterte elver

Å få tilbake tørketidsfiske i elvene er det mange i befolkninga som drøymer om. I 2019 vart det gjennom prosjektet gravd ut to basseng (40 m x 150 m), eit i ei elv og eit på ei elveslette (dette i tillegg til fiskedammen for kvinner).  Nasou er med i komiteen som er sett til å forvalte og sjå til desse rehabiliterte bassenga.  – Det gjekk så gradvis dette at elvene vart tetta til, seier Nasou. Vi forstod det ikkje før tørketidsfisket tok slutt fordi jord frå gullutvasking hadde fylt kulpar der det før stod vatn. No vil vi fylgje betre med på elvane som er rehabiliterte. – Vi kvinner er vant til hardt arbeid, skyt N’Baba inn. Vi skal nok klare å mudre både fiskedammen og elvane som er restaurerte.

 Artikkelen er hentet fra NLMs prosjektkatalog 2020. 

Bergfrid Almelid

Bergfrid Almelid

Utsending