Shea i blomst og tidleg frukt

Kunsten å pode

Poding av lokale, viltveksande tre kan bli ein viktig nøkkel i kampen mot avskoging i Mali.

I Mali treng ein ikkje gå i dyre kosmetikkforretningar for å få tak i shea-smør. Shea-trea veks vilt, spreidd utover åkrane. Når dei feittrike nøttene er mogne, går kvinnene og ungjentene ut i naturen på sanking. For å selge som attåtnæring eller til eige bruk. Til mat, hudkrem og såpe. Fruktkjøtet kring nøtta, tynt som det er, hjelper gjennom «vår-knipa», når ein ikkje har fått frukost før ein går på åkeren.  

– Men, å plante shea-tre? Utenkeleg. Det tek jo 15-20 år før dei kjem i produksjon. Ikkje vits.

Eller, slik var haldninga her berre for nokre få år sidan.

 

Poding endrar alt

Eit kurs om poding i 2019 i regi av NLM sin lokale partnar, har endra på det. For, om ein podar ei grein av eit shea-tre som allereie er i produksjon (og gjerne eit tre som er kjent for gode frukter) på eit ung-skot, vil det berre ta 4-5 år før ungplanten kjem i blomstring og frukt. Interessant!

Det same gjeld for baobab-trea. Og tornebusken jujube med bær med tynt, tørt fruktkjøt kring ei lita nøtt, kan etter 7 månader gje frukt med storleik som ei plomme og smak og konsistens som eit eple, om ein får tak i grein frå eit tre importert frå Thailand (via forsøksstasjon).

På den lokale marknaden i landsbyen er allereie jujube-«plomme-epla» blitt salsvare og vitnar om endringa.

Poding av sheatre
Vellukka:Sheatre med ny grein poda inn Bergfrid Almelid

Nokre av dei som vart kursa i poding i 2019 vert no tilkalla ut på åkrane til naboar for poding av shea-tre, baobab og jujube. Ikkje nok med det, i 2020 lærte to av dei opp seksten andre personar i tre ulike landsbyar i kunsten med poding.

 

Betrar livsgrunnlag og miljø

Kvifor er dette viktig? For det fyrste, poding av lokale tre gjer at desse kjem i raskare og meir lønnsam produksjon, noko som styrkar livsgrunnlag. Dernest, dette vil auke interessa for og verdien på trea, noko som i sin tur vil vere positivt i kampen mot avskoging, som igjen er viktig for å tilpasse seg klimaendringar.

Be om Guds velsigning over prosjektet slik at det vert til overstrøymande velsigning.

Prosjektleiar inspiserer gullfelt
Ødelagt av gullgraving:Prosjektleiar Youssouf inspiserer eit område som skal restaurerast og plantast til med tre i 2021 Bergfrid Almelid
Bergfrid Almelid

Bergfrid Almelid

Utsending