Arbeid med matforedling

Matvaretryggleik på menyen

I Mali arbeider Misjonssambandet og lokale partnarar for å styrke matvaretryggleiken gjennom prosjektet «The Soil Feeds its People». Familiar blir utrusta til å stå sterkare, skape eiga inntekt og sikre mat på bordet.

Henta frå Prosjektkatalogen 2026.

Prosjektet har matvaretryggleik som hovudmål. På malinké er prosjektnamnet omsett til «Vegen til slutt på hunger» (Konkô Ban Sia). Utvikling og endring kjem ikkje over natta. Men finn ein vegar som leier til auka matproduksjon, meir lokal foredling og konservering, betre organisering og styrka kompetanse for næringsutvikling, då kan gode prosessar starte og halde fram også etter at prosjektet er avslutta. Og ein kjem nærare målet om null svolt.

Prosjektet satsar langs to hovudlinjer. Den eine er å auke risproduksjonen gjennom opplæring i betre dyrkingsmetodar og ved å ta i bruk ubrukte elvesletter til risdyrking. Den andre er kursing i foredling av lokale jordbruksprodukt for konsum og sal, samt opplæring av kvinnegrupper i organisering, forenkla rekneskap og marknadsføring av produkt.

    

Matauke og næringsutvikling

Mange kjenner cashewnøtter, rå, rista eller krydra. Mindre kjent er kasjueplet (ei falsk frukt) som nøtta veks utanpå. Kasjueplet er pæreforma, kjøttfullt og saftrikt og vert seld og eten i sesongen. Men haldbarheita er dårleg, og mykje frukt vert liggjande og rotne. Ein unytta ressurs.

Difor arrangerte prosjektet for nokre år sidan kurs i foredling av kasjueplet: fersk jus, koking til sirup, tørking av restar til snacks, eller som ingrediens i små frityrsteikte bollar der fruktkjøtrestar vert blanda med maismjøl, peanøttsmør, lauk og krydder. Kanskje med ein tomatsaus ved sidan av. Eit velsmakande kveldsmåltid, og eit bidrag til matauke for familien.

Kurset ber frukt. I dag held kasju-bollane på å bli kjende i landsbyen. PR-en gjer seg sjølv. Matlaging skjer ute, i opne tun. Ei nabokvinne går forbi, vert nysgjerrig, får smake ein bolle, ber om oppskrifta og prøver ho heime.

Mat
Bergfrid Almelid

Nokre satsar på sal av fersk jus, ikkje berre til eige bruk. Det har Mariam gjort. Fruktsesongen fell saman med den verste varmetida, med 40 grader, så kald jus sel godt. Ho lånte pengar og kjøpte kjøleskap. Med inntekta frå kald kasjueplejus og vatn har ho no betalt ned lånet. Sjølv har ho ikkje cashewnøttåker, så ho kjøper frukta frå bønder som får ei ekstra inntekt i tillegg til salet av nøttene.

May satsar på å koke inn kasjueplejus til tjuktflytande sirup, nesten karamell, med nærast uendeleg haldbarheit. Mannen hennar har cashewnøttåker, og no har ho kundar både lokalt og i storbyen. Etterspurnaden er særleg stor i fastemånaden. Når sola går ned, treng folk rask energi, og kasjusirup blanda med vatn er perfekt. Dessutan kan sukkerforbruket reduserast.

Nyleg deltok May på eit nytt kurs i prosjektregi. Denne gongen i foredling av sjølve cashewnøtta. Fram til no har oppkjøparar kjøpt alle ubehandla nøtter i landsbyen. Å få fram nøtta som snacks er tidkrevjande og krev maskinar (som er dyre). Det doble skalet rundt nøtta er hardt og inneheld etsande oljer som ikkje er bra for hendene. May er ei av dei få som likevel har våga å gå i gang. Med gummihanskar knekkjer ho nøttene når ho har ei ledig stund, litt og litt. Nøttene held seg, og ho sel dei vidare til storbyen.

May viser veg. Kanskje fleire får mot til å følgje etter?

Arbeid med matforedling
Bergfrid Almelid

Risdyrking – frå bi-inntekt til livnæring av familien

Fleire bønder oppdagar no føremonene med dei nye metodane i risdyrking.

– Før var risdyrking ein parallell aktivitet for ekstrainntekt – litt ris til festane og velling til borna. No har eg sett at risdyrking, med dei nye metodane, gjev meir mat med mindre innsats enn dyrking av mais, sorghum eller hirse. Når ein sår på linje med god avstand mellom plantane, brukar eg mykje mindre tid på ugrashandtering. Før, med breisåing, måtte eg dra opp eitt og eitt ugras for hand. No kan eg bruke hakke, som gjer arbeidet meir effektivt. I tillegg vert avlinga fordobla, fortel ei kvinne.

I ein annan landsby har bøndene starta å lage små diker etter opplæring frå prosjektet. Målet er å hindre at vatn blir ståande for lenge på elvesletta før risen har spirt. Når planten først har fått feste, toler han å stå i vatn, og resultatet vart ein flott risåker.

Andre stader har dei motsett utfordring: Dei treng diker for at regnvatnet skal bli ståande lenge nok på åkeren til å trenge ned i jorda og vatne plantane, i staden for å renne bort. Diker er arbeidskrevjande, og bøndene må sjå effekten for å bli motiverte. Difor tok prosjektet med seg nokre av bøndene til hovudstaden, til eit risområde med store parsellar kransa av jordvollar. At bøndene der hadde gjort alt med eiga handkraft, gjorde inntrykk – og gav ei utfordring dei tok med seg heim.

Dei har fått eit glimt av «Vegen til slutt på hunger». No gjeld det å halde fram, til neste sesong.

Bergfrid Almelid

Bergfrid Almelid

Utsending