Bette med ein kanin i armane

Solstrålen Bette

Kvardagen til Bette Melina Ohma er ganske annleis enn for andre norske elleveåringar. Ho speler fotball, klarinett, går på skule og koser med kaninene sine, men dette gjer ho i Nairobi, Kenya, der ho bur med familien sin.

Den blide 11-åringen frå Volda bur for andre gong i livet sitt i Kenyas hovudstad, der mor og far arbeider på den norske skulen, eigd av NLM. Her går ho i år saman med sju andre born, eit ganske lågt tal grunna situasjonen verda befinn seg i. Komande skuleår er søkjartala høgare. Norwegian community school (NCS) skil seg frå andre skular ho har gått på, mest fordi den er liten og har få elevar, men som ei følgje av det, kjem alle tettare på kvarandre.

– Sjuandeklassingen leiker stikkball med andreklassingen, og vi har ofte felles aktivitetar i friminutta, fortel Bette.

I fjor bygde NCS eit bur på nedsida av skulen. Der har dei kaninar og skjelpadder.

– No er det skjelpaddene og kaninane vi leiker mest med i friminutta. Alle har også ansvar for “bondegarden” kvar sin dag i løpet av veka, og då skal ein plukke mat til kaninane og gje skjelpaddene mat frå ein boks. Vi har òg mange kjekke dagar der foreldra er inviterte, slik som innsamlingsdag og idrettsdag. 

 

Kjekk og variert skulekvardag

Det som har vore noko av det kjekkaste på skulen i år, i følgje Bette Melina, er mat og helse på onsdagane. Då har 4.-7. klasse mat og helse i lag, og Bette Melina briljerer med både koking og oppvask. Dei siste vekene har mellomtrinnet dessutan hatt eit Harry Potter-prosjekt som Bette Melina har likt å jobbe med. 

Ho er godt nøgd med lærarane, og tykkjer dei har omsorg og tek seg godt av elevane (men ho hadde nok heller ikkje tort å seie noko anna, sidan underteikna er kontaktlæraren hennar).

– Leirskulen var dessutan utruleg kjekk. Der lærte vi mykje om skjelpadder og anna dyreliv på kysten av Kenya, fortel ho.

Born og vaksne leitar etter skjelpadder på stranda
Spanande:Leirskulen var veldig kjekk. Her er dei på jakt etter skjelpadder på stranda. Elisabeth Nordstrand

Kjedelegare med heimeskule

Mot slutten av april i fjor vart kvardagen hennar snudd opp ned, då tilsette i NLM med familiar vart evakuerte frå Aust-Afrika. Flyplassane stengde, og presidenten stengde skulane. Det vart då sett i gong med heimeskule via internett for elevane i Kenya, og Bette Melina var heldig å få kome inn i sin klasse i Volda, frå august.

– Heimeskule er kjedelegare, for då treffer vi ikkje dei andre elevane, seier Bette Melina.

Skulane i Kenya opna igjen den 4. januar, og sidan då har skuledagen vore tilnærma normal, men med påbod om bruk av munnbind for både lærarar og elevar. Dessverre stengde presidenten på nytt skulane like før påske, og vi er i gong med enda ein heimeskuleperiode her i Kenya.

Bette held ei raud sjøstjerne
Blid jente:Bette Melina er ei jente med godt humør. Her har ho funne ei stor sjøstjerne. Elisabeth Nordstrand

Humørspreiar

Det Bette Melina saknar mest med Noreg er familie og vener. Også dei ho var mest med i fjor, reiste til Noreg grunna pandemien, og i år er det berre Bette Melina som er att som skuleelev her på tomta.

Men humøret og motet held ho oppe, Bette Melina har stå-på-vilje, og ho jobbar godt med heimeskulen. I tillegg er ho solstrålen som spring mellom husa og gleder store og små. Smilet går rundt på mine to småungar når dei høyrer Bette Melina er på veg, eller dei skimtar henne på veg til leikeplassen.

– Det beste med å bu i Kenya er at det er varmt, seier den smilande elleveåringen. Ho stuper rett som det er i det kalde bassenget etter skuletid. Dessutan er ho veldig glad i kaninane familien har utanfor huset sitt. Når ho blir stor, vil ho bli lærar, lege, sjukepleiar eller førskulelærar. Kanskje vil ho gå i foreldra sine fotspor og ta nokre år utanlands?

 

Elisabeth Nordstrand

Utsending