ungdommer sittende ved bålet på kveldstid

Fellesskap til oppmuntring

Tross språk og kommunikasjons utfordringar er me sysken i Kristus.

Eg har to tilfelle på dette som eg har fått vere med på den siste tida, den fyste er blant jentene som eg fekk vere med på camping i lag med for eit år sidan. Me reiste på tur i juni i år som i fjor, og i år var det fleire med. Det var meg og åtte truande jenter i alderen 14-18 år. Det er rart korleis ein kan ha fellesskap, heie på kvarandre tross mykje misforståing og ei god språkbarriere.  

På campingturen i år vart det meir fokus på lovsong og fellesskap, enn bibellesing som me hadde ein del av i fjor. I løpet av turen fekk me sitja i lag å lovprise den eine sanne Gud. Den eine songen me sang har ein tekst som vert (fritt) omsett til:

«Eg vil aldri vandre bort, fordi Gud er med meg, han er min følgesvein. Jesus du er min støtte, du er min styrke, for alltid».

 Invitert inn

Det andre fellesskapet er bland nokre kollegaer og nokre frå ei av kyrkjene. Utan om kyrkja på sundagar inviterer han eine til ei samling på kontoret når han er på arbeid, det er for det meste dei same som kjem, denne samlinga har eg vore invitert med til ved fleire høve. No er det noko eg ser fram til, og ein av tinga eg trur eg kjem til å sakne når eg reiser til Noreg på ferie i sommar.

Te og matservering hos en lokal familie
Fellesskap:Ofte når me kjem saman er te og måltid ein viktig del, men i møte med dei lokale kollegaene er det Guds ord som får fokus. Emely Nikola Joa Amdal

Eg får igjen og igjen sjå Gud sine hender i møte med dei lokale truande. Eg trur me får vere med å oppmuntre kvarandre. Når me kjem saman lovpriser me Gud, deler liv og bønneemnar og dei møter meg med mykje tolmod, det er eg veldig takksam for. Utan deira veldige tolmod hadde eg aldri kunne vere med dei, då det er mykje eg ikkje forstår.

Kva las du i dag tidleg?

Siste gongen eg var med dei før eg reiste til Norge var eit av dei fyste spørsmåla, etter alt det sjølvfølgelege. Hei, korleis går det, korleis er jobben, kva har du gjort eller kva skal du i dag?

«Kva las du i dag tidleg?» Nokre gonger har me lest det igjen og prata rundt det. Andre gonger har eg fått funne teksten, ein av dei les høgt og eg har fått kome med eit eller to punkt eg fekk ut av det. Nokre av dei har delt bibelvers, andre har valt songar me skal synge. Alle bidreg. Alle reflekterer. Alle les høgt. Alle syng. Alle ber. Eg er takksam.

Bibel på engelsk og Mongolsk
På deira eige språk:Det å få evangeliet på sitt eige språk er verdifult Emely Nikola Joa Amdal

 Gud forstår alle språk

Mongolsk er utfordrande språk å lære seg, men no har det seg slik at eg har mange varme og venlege menneske rundt meg, til tross for ein tydeleg språkbarriere får eg vere med. Dei får vere med å peike på Jesus for min del, kvar gong me kjem saman, og forhåpentlegvis kan eg vere med å peike på Jesus for dei óg.

Gud er god, og han har omsorg for oss. Eg gler meg over fellesskapet, og relasjonane som vert bygd. Kvar gong me kjem i lag vert eg igjen minna om at Gud forstår alle språk, han skapte alle språk, og han har eit ynskje om å kjenne alle menneske. Det er givande og kult å få vandre i lag med han på hans oppdrag her i Mongolia.

Emely Nikola Amdal

Emely Nikola Joa Amdal

Utsending