Lunar new year feiring i Mongolia. Hilsing av sola.

Tsagaan sar: Hestens år

Tsagaan sar tyder kvit månad og er namnet på den Mongolske nyttårsfeiringa. Denne feiringa finn sted ein gong mellom slutten av januar og starten på mars kvart år ut frå måneårs kalenderen.

Historisk

Feiringa av Tsaagan Sar går langt tilbake i tid, så langt som til 1200- talet og Chinggis Khaan si tid. Feringa markerer overgangen frå vinter til vår, i eit land som Mongolia er vinteren ofte ganske hard, der varmare og lysare tider er verdt å feire. Chinggis Khaan ynskja å feire at det kom nytt liv. Det var tida kor det varmare vêret fekk blomar til å blomstra, tre til å springe, og dyra skulle føde. Det var ikkje før på 1700- tallet dei religiøse aspekta ved Tsagaan Sar vart inkludert i feiringa. Dette inkluderer å helse sola fyrste dagen i det nye året, samt ofringar og ulike handlingar og tradisjonar som skal fremje lukke i det komande året.

Under Sovjet tida vart feiringa forbode i byane, men det var enno nokre som feira på landsbygda, noko som har vore med å halde tradisjonane varme, tross forbodet.

 

Matbord under Tsagaan sar besøk. Tradisjonell mat
Tradisjonelt matbord under feiringa:Det er fleire element som skal vere med for å fullføre eit tradisjonelt matbord. Emely Nikola Joa Amdal

Førebuing

I vekene ledande opp mot feiringa er det mykje arbeid som må gjerast i heimen. Kle og heim skal ryddast, vaskast og reparerast, det er viktig å gå inn i det nye året med heimen på stell og utan konfliktar, det vil seie at dei skal helst ha gjort opp alle konfliktar før nyttårsfeiringa. Det er ei tru i folket frå gamalt av, om at lukka kjem dit det er reint. Dei lagar mykje mat, der bland buuz (mongolsk dumplings) for å vere nok til rundt 100-200 besøkande. Dette er mykje arbeid og krev at alle i familien bidrar, store som små. Det er ofte ein sosial aktivitet familiane gjer ilag på kryss og tvers av generasjonar.

 

Dagen før Tsagaan sar kallar dei Bituun, dette er deira nyttårsaftan. Dette er eit viktig samlingspunkt for familiar og dei et eit godt og fyldig måltid saman, her er det ekstra viktig å ete seg god og mett. Når dei legg seg må både matbordet, heimen og den personlege utsjånaden vere stelt og klar for å gå inn i det nye året. Eg har blitt fortald at dei oppfattar det som om eit slags gudevesen kjem ned og sjekkar om dei gjekk til sengs mette, om dei rydda og vaska etter seg, og om dei har forberedt ting elles slik som dei skulle gjere, og dette er det same gudevesenet som gir avgjer om det kommande året inneheld mykje lykke eller ulykke.

 

Besøk hjå lokal familie. Eit av borna speler på hestefele
Underhaldning:Ein son som spelte flott på hestefele. Emely Nikola Joa Amdal

 

Besøk

Ein viktig del av Tsagaan sar feiringa er besøk. Tradisjonelt sett skal dei besøke dei eldste i slekta den fyrste dagen av feiringa, deretter går ein på besøk til dei i familien frå eldst til dei på sin eigen alder, før dei som då er yngre enn deg, kjem på besøk til deg. Dag to går for dei fleste til å anten gå på besøk eller få besøk. Det ligg tungt i kulturen at dei yngre besøker dei eldre, som ein form for respekt. Dag tre er det rom for å besøke anna familie, vener, og å finne på andre ting som å reise på tur eller delta på andre aktivitetar.

 

I og med at dei fleste ventar mange besøkande, og reiser på mange besøk får dei ikkje mykje tid hjå kvar familie, men det dei ofte trekk fram som noko av det viktigaste med feiringa, er å helse sine familiemedlemmar og syne dei respekt samt at dei får oppdatere seg på det nyhende og endringar innad i familien. Blant ein del av dei eldre er det mindre vanleg å feire åremålsdagane sine, det er ein del av desse som då tenker på Tsagaan sar som dei eldre si åremålsfeiring.

 

Det er eit viktig aspekt at dei yngre hjelp dei eldre. I år når me var rundt på besøk var det fleire som hadde born som var ute å hjelp til hjå eldre familiemedlemmar, lærarar eller andre kontaktar av familien som hadde behov for eit ekstra sett med hjelpande hender. Dette er ein fin måte å syne respekt for dei ein har rundt seg.

 

Fellesbilde under Tsagaan sar feiring hos en lokal familie.
Alle på besøk:Til nokre vert me invitert alle saman, her er alle på plass til feiring hjå ein familie frå kyrkja. Maiken Hadberg

 

I år vart me alle på felt invitert på ulike besøk, der me fekk kome heim til vener, kollegaer og kjenningar. Når me kjem inn er det fyrste ein gjer å ynskje dei eit godt nyttår, deretter er det viktig å helse på dei ein besøker, frå eldst til dei på din eigen alder. Når alle har helsa sett ein seg ned rundt bordet, menn på ei side, og damene på den andre sida- her er det óg viktig at ein sit frå eldst til yngst. Det fyrste ein får servert er melke-te, og ein kan forsyne seg av alt som står på bordet av kjeks, frukt og godsaker. Etter ei stund kjem salatar på bordet, her kan det vere alt frå fermenterte salatar til fruktsalat og alt i mellom. Til slutt kjem det buuz, og her er det ein tanke om at ein skal ete mange på kvart besøk, dette kjem frå tanken om at dersom det vert ete mykje buuz, vil familien ha mykje mat i året som kjem.

 

Det å få oppleve å feire Tsagaan sar her i Khovd har vore ei fin oppleving alle åra eg har fått vere med på det. Det gir eit unikt vindauge inn i kultur og tradisjon. Ver gjerne med å be om at det skal bli openberringar blant dei truande om kva som er tradisjon og kva som er åndelege tradisjonar, slik at dei kan bevare seg sjølv og vere førebilete i tru og gjerning i året som kjem.

 

Emely Nikola Amdal

Emely Nikola Joa Amdal

Utsending