Barnehage Japan

Underets barnehage

I førre veke hadde me undokai – sportsdag i Aobaen. Det skulle, etter planen, vore siste gong. Sånn vert det ikkje!

I snart to år har eg tenkt at eg må skrive noko om Aobaen, barnehagen der eg er styrer. Utruleg mange heime i Norge var med på ei underskriftskampanje i 2019, for å påverke Kobe by til å heve støtta til foreldra, slik at dei fekk tilnærma lik økonomisk situasjon som dei foreldra som sender borna sine til barnehagar som er omfatta av ordninga «gratis barnehage frå fylte 3år».

I september same året vart det klart at vi ikkje fekk gjennomslag. Mange trekte borna ut i løpet av året, og mange skifta barnehage ved ny skulestart i april 2020.

Då såg Misjonssambandet seg nøydd til å gå mot nedlegging, og det vart bestemt at det skulle skje i mars 2022, for å sikra at dei borna som hadde starta opp når avgjerda blei tatt, skulle få fullføra barnehageåra sine i Aobaen. Det var dette eg burde ha skrive om før, men det var så smertefullt å gjere det, at eg stadig utsette det.

Men bak dette låg også ei tru på at noko framleis skulle endre seg, slik at Aobaen ikkje måtte leggast ned.

  

Fleire slike dagar

Med alle underskriftene følgde det mange bøner til Gud for Aobaen, og no, to år seinare, ser vi Guds leiing gjennom denne tida. Heilt frå skulestart i april i 2020, og like fram til no i haust, har me fått nye born i barnehagen, trass i at det gjekk mot nedlegging. Derfor har vi ei større kjerne med born å bygge vidare på enn det vi såg føre oss. Og det har vore heilt normale, livlege barnehagedagar, med 15 born i fjor og 14 born no i haust.

Og no er det altså klart at slike dagar blir det også i åra som kjem! Aobaen vert ikkje nedlagd!

Driftsmodellen skiftar litt, men i praksis vil ikkje foreldra merke noko særleg til det. I tilfelle det vil merkast noko endring, så vil det vere ei synlegare støtte frå fleire medlemmar i Aotani kyrkje.

Barnehage Japan
Ingebjørg Hildre

Støttegruppe i kyrkjelyden

Misjonssambandet står ved vedtaket om å avslutta å stå for drifta etter mars 2022. Aotani kyrkje vil ikkje ta over drifta, men ei gruppe innan kyrkja har sagt at om eg og den fulltidstilsette læraren, Sano, er villige til å fortsette som no, og at dei deltidstilsette også held fram, så vil dei gå aktivt inn og støtte oss.

Grunnen til at dette skjer, er at Japan på nasjonalt plan har laga ei ny støtteordning for foreldre som sender borna sine til institusjonar som ikkje er omfatta av «fri barnehage»-ordninga. I vårt tilfelle inneber det at foreldre får 20 000 yen (ca1500 kr) per månad for born (frå fylte 3 år) som går i Aobaen. Det gjer det mogleg for foreldre å velgje Aobaen, utan at det blir noko økonomisk tap for dei.

 

"Underets barnehage"

Foreldra fanga raskt opp at ein slik ordning no er innført, og dei har innstendig trygla oss om å fortsette drifta. Det var derfor stor glede siste dagen før sommarferien, då vi informerte om at det blir slik. No må vi tilsette, støttegruppa og foreldra gå saman om å få ut informasjon om dette, slik at vi kan få mange nye born frå april. Målet er 10 nye!

Og vi er alle overtydde om at Aobaen sitt pedagogiske konsept og den store, flotte hagen vi har tilgang til, framleis vil appellere til folk. Så, no gjeld det å gjere Aobaen synleg, særleg på sosiale medier og med ei tiltalande heimeside.

«Underets barnehage», skreiv ei mor på Facebook, når ho skulle fortelje til sine vener at Aobaen ikkje blir lagt ned, slik som planen var. Ver med og be om at foreldra måtte få eit møte med Jesus som sin Frelsar, då blir Aobaen i sanning «Underets barnehage»!

Denne artikkelen blei publisert på Ingebjørgs private Facebook-konto i sommar.

Ingebjørg Hildre

Ingebjørg Hildre

Utsending