Sentrum i Arequipa

Urolege tider i Peru

Det har vore nokre spesielle dagar her i Peru. Ja, me står framleis midt i ein pandemi, men den siste veka har det vore politisk uro med dødelege demonstrasjonar som resultat.

Tida etter karantene

Ting verka roleg etter at dei opna landet i september. Det er framleis portforbod fra kl 23.00 – 04.00, og du risikerer framleis bot viss du går ut utan munnbind. Men det er mogleg å trene ute, reise på tur, ja til og med lov å gå på café! Eg har etterkvart drista meg til å ha besøk igjen, då av få om gongen, etter å ha vore utan besøk i 5 måneder.

Besøk er kjekt
Glad i besøk:Fint å kunne dele god mat med gode vener etter karantena. Privat

Politisk uro

Ein har blitt godt kjent med presidenten og ulike ministere under karantenetida, då ein stadig har vore klar for å høyre om dei nye tiltaka. Martin Vizcarra er den som har vore president no i snart 3 år, og mange har blitt glad i han. Førre mandag bestemte kongressen seg for å hive han, og leiaren i kongressen, Manuel Merino, vart sett inn. Det vart ikkje godt motteke av det peruanske folk.

Sterke reaksjonar

Etter 5 dagar med tusenvis av demonstrantar i gatene over heile landet, valgte president Merino å gå av. Dette fordi nokre unge studentar mista livet i Lima under demonstrasjonane torsdag. No er det Fransisco Sagasti som tek over som president fram til valet neste år. Mange av medlemmane i den lutherske kyrkja reagerer på hans liberale syn på abort og likekjønna ekteskap, og vonar han ikkje får gjort alt for mykje det halve året han skal sitte.

Minnes omkomne
Tusenvis samla:Demonstrantar samlast i Arequipa for å minnast dei omkomne. Luis Enrique Quispe Bendezú

Trygge tross alt

Kor lenge opprøra vil vare er ikkje godt å seie. Mange har denne veka samla seg i sentrum, også for å minnast studentane som aldri kom heim frå demonstrasjonane i Lima.

Dei dårlege nyhendene kan av og til bli litt vel mange. Men eg har lært at i ei tid der ein lett blir uroleg for framtida, kan eg få vera trygg i Gud. Jesus er vår fred, og han veit kva planar og tankar han har for kvar og ein av oss. Prespektivet går lengre enn det som skjer rundt oss akkurat no. Ein dag skal det ikkje lenger vere verken pandemi,  sjukdom, korrupsjon, frykt for smitte eller politisk uro. I den sanninga finn eg ro, glede og håp, uansett korleis livet ser ut.  

 

Ingebjørg Martinussen

Utsending