Ungdom Japan Bible Club

Nordmenn i fleirtal på Bible Club

"Bibel og gaming" møter Bible Club i Matsue. Og denne gongen var nordmennene i fleirtal!

På Fjellhaug bibelskule i Oslo har dei eit studietilbod som heiter Bibel og Gaming. I løpet av året har dei ein tur til Japan. I fjor var dei også innom Matsue og var med på Bible Club, og dei to lærarane ville gjerne at årets elevar óg skulle få oppleva Matsue i løpet Japanopphaldet.

 

35 koppar ris og to vitnesbyrd

 

Sjølvsagt kunne eg ikkje ta imot fjorten norske mannfolk verken til overnatting eller mat, så dei ordna seg sjølve med hotell, og Bible Club hadde vi på det internasjonale kultursenteret, der vi også laga middag denne gongen. Å koke for 27-28 personar er ingen spøk, men eg fekk god hjelp av to studentar. To store karrigryter og 35 koppar ris vart nok, og til og med restar til frysaren.

Vi blanda oss så det vart to norske i kvar av dei sju gruppene. Dei sju japanarane vart også godt fordelte. To av studentane frå Fjellhaug hadde vitnemål og fortalde korleis dei vart kristne og kvifor dei framleis er det, og etterpå samtalte vi i grupper om det.

Eg var ganske nervøs på førehand med alt det praktiske som skulle ordnast, men det gjekk ganske bra.

Laurdagen hadde Fjellhaug-gjengen eit eige opplegg som eg har vore med og lagt til rette for, der dei fekk oppleve japansk natur og kultur. Bibel og Gaming-klassa skulle vidare på søndag, men dei rakk å kome innom på gudstenesta i Yonago på vegen mot Kyoto. Eg var talar denne dagen. Sidan eg brukte ein tale eg tidlegare hadde hatt på engelsk, kunne eg gi dei manus på engelsk, som dei følgde med på medan eg talte på japansk. Det var kjekt å ha dei på besøk, men dei kom og reiste så fort at det knapt nok vart tid å prate, og eg rakk heller ikkje å ta bilete av dei etter gudstenesta.

 

Inspirerande ungdomsmøte i Yonago

 

Etter at dei hadde reist, var det lunsj med dei yngste ungdommane og ungdomsmøte på ettermiddagen. Dei starta med leik. Det er ikkje utan grunn at kyrkjesalen ser ut som ein gymsal. Her får barn og unge boltre seg, og etter leiken er dei klare for å synge og høyre Guds ord.

Dei som skal byrje på ungdomsskulen i april, var spesielt inviterte. Eg skulle bruke samme tekstar som eg hadde på føremiddag, men eg klarte å fri meg litt frå manus og prøve å gjere det litt enklare for dei. Det verka som om dei forstod, og det var fint å få vere med i jentegruppa etterpå, der dei delte med kvarandre kva dei hadde fått utav andakta, som hadde temaet "Berre av nåde".

Det er alltid kjekt å kome til Yonago, til ei forsamling som både lyttar og gir respons, og der også ungdommane er med. Det er vel heller ingen annan plass dei takkar talaren med applaus.

 

(Sjå fleire bilete på http://ingervalbo.blogspot.com/2020/02/nordmenn-i-fleirtal-pa-bible-club.html)

Portrett Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Utsending