Internasjonal gudstjeneste tidligere år

Misjon med musikk

Allereie som språkstudent opplevde eg at musikk skapte kontakt. Gjennom åra her i Japan har musikken vist seg som ein viktig reiskap for å møte og inkludere nye.

Musikk er ein naturleg del av livet mitt, så vanlegvis tenkjer eg ikkje så mykje på at det er ein god arbeidsreiskap i misjonsarbeidet. Når eg ser tilbake på åra i Japan, er det tydeleg at musikk har betydd og betyr mykje i kontaktskapande arbeid.

   

Musikkspråket

Allereie som språkstudent opplevde eg at musikk skapte kontakt. Sjølv om eg ikkje meistra det japanske språket, kunne eg kommunisere gjennom musikk.

På språkskulen kom eg ilag med nokre misjonærar frå NMS som spela ulike instrument. Vi danna ei gruppe som mellom anna deltok med song og musikk på 30-årsjubileet for Hiruzen Bible Camp. Det er over 30 år sidan, men framleis ligg det der som eit godt minne.

I språkskuletida fekk eg også prøve meg som dirigent for eit lite kor i kyrkja der eg gjekk. Sjølv om orda var famlande, var det meiningsfullt å få bidra med noko eg kunne.

   

Koto og bibel

Etter at eg kom ut i arbeid, vart eg kjent med nokre som spela koto, ei japansk harpe. Eg vart med i gruppa for å lære japansk kultur. Samtidig vart eg gjennom samspel kjent med fleire eg kanskje elles ikkje ville ha møtt.

I tida i Osaka fekk eg ha engelsk bibelstudium med ei ung kvinne som kom for å undervise meg, og etter at eg kom til Matsue og Arashima, har eg også fått spele koto ilag med fleire som ikkje kjem i kyrkja.

Då eg for fleire år sidan vart med i ei gruppe, spurde dei meg om å lese Bibelen ilag med dei etter musikkøvinga, og det heldt vi fram med i mange år. Kontakten med den eldste i gruppa har eg framleis. No er ho blitt 102 år og er på institusjon, men eg får lov til å dele Guds ord med henne når eg er innom på besøk.

Koto er eit stort instrument som er vanskeleg å frakte, så denne gongen er kotoen plassert i ei kasse under ei seng i Norge og får vente der til eg blir pensjonist.

Inger Valbø spiller koto, japansk harpe, iført rosa kimono
Koto:Japansk harpe er vakkert, men den tek stor plass. Reidun Sæter

Lovsongsgruppe med band

I 2012 starta vi opp med internasjonal kveldsgudsteneste som vi hadde ein gong i månaden fram til slutten av år 2020, då eg reiste til Norge. Fleire studentar ved universitetet hadde tidlegare spela eit instrument, og dette var ein sjanse til å få dei med og spele til lovsongen. Vi kunne ha både gitar, ukulele, trombone, saxofon, fiolin, fløyte, fagott og tamburin ilag med piano, om ikkje alle instrumenta på ein gong. Fleire av desse som var med, var ikkje kristne, men kom fordi dei var spurde om å vere med i bandet.

Internasjonal gudstjeneste band
Variert:Monge ulike instrument kan brukast til lovsongen. Inger Valbø

Den internasjonale gudstenesta har ligge nede sidan 2020, men no på pinsedag starta vi opp igjen. Dei fleste som var med for 4 år sidan, har reist herifrå, så det vil nok ta litt tid å byggje opp igjen ei lovsongsgruppe. Det kan vere eit bønneemne.

Internasjonal gudstjeneste 2025
Ny giv:Frå årets internasjonale gudsteneste i pinsa. David Thorsen

«Kyrkjeorgel»

Kvar haust fram mot desember har eg fått vere med og leie eit tverrkyrkjeleg felleskor her i byen. Koret har deltatt på ein julekonsert.

I lærarskuletida fekk eg lære å spele kyrkjeorgel. Det har eg hatt god nytte av som organistvikar i Norge. Det eg har lært, har eg også fått god bruk for i Japan, sjølv om læraren min visstnok vart skuffa over at eg skulle bli misjonær.

«Kyrkjeorgel» i dei mindre kyrkjene i Japan betyr vanlegvis «church organ»-knappen på eit elektronisk piano, og organistane er frivillige og ufaglærte. Nivået kan variere. Når nokon spør om råd, kan eg gi det, men elles prøver eg ikkje å vere for belærande, men heller vise i praksis korleis det kan gjerast.

Når kyrkjelyden har høyrt det same preludiet kvar søndag i fleire år, tenkjer eg det kan vere fint for dei å høyre noko anna den gongen det er min tur.

Det vi i Norge kallar kyrkjeorgel, er pipeorgel, og det har vi i den store konserthallen i Matsue. Eg har kontakt med ei ung jente som har spela tidlegare, og ei som nettopp har starta på eit orgelkurs i konserthallen.

Felles interesse gir også høve til å snakke om gudstenester og kyrkjeorgel i Norge. Ei av desse jentene er også flink fløytist, og vi har hatt fleire minikonsertar i kyrkja, både til jul og påske. Når vi møtest for å øve, kan vi også få gode og viktige samtalar.

   

Babysong

Noko av det eg lærte verdien av medan eg var kyrkjelydspedagog i Norge, var babysong. I Norge er det ein del av dåpsopplæringa, men i Japan kjenner eg ingen babyar som er døypte. Her blir babysong ein reiskap for å komme i kontakt med barn og foreldre som ikkje har noko tilknyting til kyrkje eller kristendom. Foreløpig har eg samlingane heime i leilegheita mi.

Eg vart veldig glad då eg fann Frelsesarmeen sine babysongar på engelsk på Spotify. Mødrene vil gjerne lære engelsk, men vi har også japanske songar. Etter leiken har vi litt å bite i. Vaflar er veldig populært. Sist vi sette oss til bordet og skulle til å ete, var det ei mor som minte meg på at vi ikkje hadde sunge bordverset. Tenk om dei kunne bruke det verset også heime!

Babysang
Tidleg start:Babysong i heimen. Inger Valbø

Ob-La-Di, Ob-La-Da

I dei engelske bibelgruppene bruker eg ofte kristne songar på YouTube som vi syng i lag. Ei av dei eldre kvinnene i Nima minner meg stadig vekk på songar som ho lærte for mange år sidan. Ho finn dei på YouTube og deler dei med oss andre.

Ein eldre mann i engelskgruppa eg har her i Matsue, har som hobby å spele gitar og syngje. Ein gong i vår arrangerte han lunsjkonsert ilag med gitarlæraren sin.

Han hadde fått med ei frå engelskklassa som vokalist på fleire japanske songar, men på ein engelsk song trengde dei hjelp, meinte han, og spurde meg om å synge Beatles sin «Ob-La-Di, Ob-La-Da» ilag med han. Så no har eg også gjort det, til stor applaus.

Før songen fekk eg også presentere meg og fortelje at eg er misjonær og underviser i Bibelen.

Nokre veker seinare vart eg invitert til karaoke ilag med fleire frå den engelske bibelklassa. I tre timar sat vi framfor ein skjerm og valde songar etter tur. Eg fann fleire gospelsongar, som “Put your hand in the hand”, “Amazing grace”, “How great Thou art” (O store Gud), “What a friend we have in Jesus” (Hvilken venn vi har i Jesus) og fleire. Då vi gjekk derifrå, var det ei som sa: “Kanskje eg også skulle synge meir gospel?»

Inger Valbø synger sammen med japanske musikere
Ein fyrste gong for alt:Å syngje Beatles-songar kan og vere misjonsteneste. Misaki Ishimura

Saknar syngande barn

I kyrkja som eg arbeider i, er det omtrent ingen barn som kjem. Eg saknar å ha søndagsskule, og mest av alt saknar eg å få synge ilag med barn.

Eg får litt vondt i hjartet og kjenner eit stikk av misunning når eg ser gudstenester på NRK med glade barn som syng i kor. Tenk om vi hadde fått til noko slikt her! Her er sikkert potensiale, men kvar skal eg starte, og kven skal eg få med og hjelpe til?

No har vi iallfall bestemt å arrangere ein sommarfestival for barn 24. august. Først og fremst vil vi invitere barnebarn til kyrkjemedlemmer. Vi manglar nesten to heile generasjonar i kyrkja i Arashima. Ver med og be om at vi kan få høyre barnestemmer i kyrkja igjen, glade stemmer av barn som lovsyng Jesus!

 

Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Utsending