Bil med kano på taket

Kano, jerv og tllhøyrsle

Det kan stundom vera vanskeleg å bu i eit framand land der ein ikkje forstår så mykje av verken kultur eller språk. Ein kan stundom føle at ein ikkje har del i dagleglivet i lokalsamfunnet.

Heldigvis er det også gonger der ein byrjar å kjenne på ei kjensle av at ein høyrer til. I alle fall til ei viss grad. For min del er det ofte dei små tinga som gjer at eg får den kjensla.

 Ein plagsam kano

I ferien min i sommar skulle eg køyre til hovudstaden i Mongolia, Ulaanbaatar, og tilbake til Ulgii. Ein tur som ende opp med å verta over 6700 kilometer. På vegen frå hovudstaden til Ulgii skulle eg forutan tre vener, ha med meg ein kano. På grunn av eit ekstra reservedekk som også ligg på taket fekk kanoen ein vinkel på om lag 30 gradar rett til vêrs. Ei av dei to jekkestroppene som var kjøpt inn fungerte, så det skulle vel ikkje by på problem. Den kanoen er den verste lasta eg nokon sinne har køyrd med. Det var daglege omstroppings-pausar og ein gong førde dei humpete grusvegane til at heile kanoen forsvann av taket. På førehand hadde eg og kameratane mine snakka om at dersom det skjer, tappar me litt diesel av bilen og set fyr på heile spetakkelet. Diverre var det langt til neste stasjon og eg var usikker på kor mykje diesel me trong i bilen, så me lasta den på taket igjen.

 

Nokre dagar seinare hadde me kome vel fram til Ulgii, fått lasta av kanoen og var på veg ut frå ein kafé. To små gutungar kom bort til meg berre fordi dei hadde sett kanoen på taket tidlegare og synest det var så spanande at dei ville snakke med meg om den. På trass av at eg ikkje forstod kva dei snakka om det første halve minuttet, og vidare språklege utfordringar;  Plutseleg var kanoen verd heile turen.

Jerv på terrassen

Ein gong sidan, var eg på veg inn ytterdøra til blokka eg bur i. Før eg tok siste skrittet inn såg eg til venstre for å sjå kva borna der var så oppgira av. Dei fekk med seg at eg såg bort på dei, kom resolutt bort for å ta meg i handa og leie meg bort, slik at eg fekk sjå det eg trur var ein daud jerv på terrassen i andre etasje. Etter eg var ferdig å prøve formidle engasjement over framtidige pelskåper, begynte dei å hoie og rope på ein bestefar som var heime med barnebarnet sitt i første etasje. Han trudde ikkje på borna til å begynne med. Så då kunne eg bekrefte, eg trur i alle fall det var det eg gjorde, at jo, det er eit dyr på terrassen i andre etasje.  Han kom ut til borna si store glede over å verta trudd, og begeistringa over å få vera dei som formidle dei spanande nyhendene vart atter synleg i andleta deira.

 

Av og til er det ikkje meir som skal til, enn slike banalt enkle situasjonar, for at eg sliten, trøytt og undrande på om det er noko vits i å vera her og streve med språk eg ikkje forstår, tenker at; jau, no er det kanskje her eg høyrer til.

Himmelborgar

Men så er jo ikkje dette, og ikkje Noreg heller, mitt eigentlege heimland. Mitt heimland er i himmelen hjå Jesus. Og det er difor eg bur i Mongolia. For at fleire skal få høyre, og skal kunne få lov til å bytte statsborgarskap frå denne verda til den nye verda.

Ver gjerne med å be for fleire slike små, tilfeldige møter. Og for at alle me som har sett den oppstandne Jesus, må vera like engasjerte i å formidle det me har sett, som desse småborna som hadde sett ein daud jerv. Slik at fleire kan få si tilhøyrsle i Guds rike! 

Jan Ingve Bernssen portrett

Jan Ingve Bernssen

Utsending