Ein båltur på 2860 meter begynner

Ein misjonærkvardag

Sidan eg flytta til Mongolia for fem år sidan har eg fått ein del spørsmål om korleis ein typisk dag ser ut. Til trass for at eg akkurat no sit coronaevakuert i Noreg og ventar på at Mongolia skal opne grensene att, skal eg prøve å svare på det.

 Arbeid eller livsstil?


Som mange andre har eg eit kontor å gå til. Heldigvis er det berre om lag 25 meter å gå. Og godt er det med nærkontor når bålturen i går som skulle vare til rundt ti, plutseleg gjekk over i ein djupare samtale som gjorde at den ekstra sekken med ved måtte brennast opp, og at bilen måtte stå på tomgang ein time etter me kom tilbake til byen for at me skulle gjera oss ferdige. Godt er det også at me har fleksitid slik at eg fekk tid til å dusje bållukta ut av håret utan å kome for seint på jobb. Som avdelingsleiar må eg jo i alle fall prøve å vera eit godt eksempel.

På kontoret går det i stempling av dokument og signering av utgifter *gjesp*, viktig men ikkje det mest interessante. Heldigvis har me halde på ei stund med å bygge ein rullestolheis opp til kontoret vårt, og der kom sjåføren inn og for ein ny diskusjonsrunde av teikningane. Hydraulikk eller kjededrift? Kva skjer ved straumstans?

Lunsj. Restaurantmat til ein tredvelapp eller gå heim og lage noko raskt? Tja, det vart jo seint i går og to av dei som var på båltur kjem jo også i bibelgruppa i kveld, så kanskje me skal kalle det arbeid? Då kan eg jo gå heim og ete, ta ein liten lunsjkvil, planlegge litt til i kveld og så kome tilbake på kontoret ein time etter lunsjen tok slutt.

 

Ei kanna te

Kontortida er ferdig. Har eg tid til å gå på besøk til den kristne familien som eg skal spørje om har lyst på norske bibelskuleelvar til middagsbesøk neste veke? Nei, det tar så mykje tid med den teen (salt mjølke-te er absolutt drikkbart, men ikkje ein favoritt) og så vil eg jo ha tid til å snakke litt med dei også. Får ta det i morgon. Det får verta nudlar til middag med litt av jarlsbergen eg har spart(å glede stor!) før eg må sjå over bibelgruppeopplegget. Så må eg jo ut å kjøpe sukker til den tyrkiske teen dei som kjem hit i kveld vil ha.

Teen er kokt og samtalen så vidt i gang etter bøn og eit lest kapittel. OK, er det den dagen i dag? Ein som ønsker å lese og lære frå Bibelen, ein som er meir ute etter å konvertere meg. Kvifor kan me ikkje berre halde fram med den gode samtalen me hadde i går? Eller førre bibelgruppesamling der du virka oppriktig interessert i frelse av tru, og ikkje av gjerningar? Javel, men lat oss i alle fall prøve ti minuttar til før det sklir over i ein rein youtubekveld. For all del interessant med sentralasiatisk popmusikk, men ikkje det som var formålet i kveld. Får satse på at det går bra igjen neste veke.

Hmm. Leggetid. Men lunsjkvil og ein halv liter tyrkisk te var kanskje ikkje det beste å sovne på til kvelden. Ser at sentrum av mjølkevegen vert synleg over horisonten om to timar. Hadde vore artig å fått eit bilete. Kanskje er amerikanarane som også arbeider her med? Det er jo trass alt fridag i morgon.

 

Mjølkevegen ein sein kveld
Mjølkevegen:Stundom vert fotohobbyen revurdert når klokka er 02:45 Jan Ingve Bernssen

Ikkje for kven som helst

Eg har høyrd folk sei at misjonærlivet ikkje er for kven som helst. Det er eg einig i. Du må jo vera kristen. Og viljug til å reise.

For åtte år sidan hadde eg aldri sett for meg at eg skulle bu nokon anna stad enn i Noreg. No har eg hatt adresse i Mongolia i fem år, og snakka for 20 minutt sidan med lokale medarbeidarar om kor tid grensene ville opne så eg får lov å reise attende.

Me treng nye(eller gamle) misjonærar i Mongolia. Er du som les dette interessert i å lære meir kva det går i, ta kontakt med NLM eller kom på besøk til oss i Mongolia når grensene opnar att! Det er ikkje alltid så komplisert å vera med på verdas viktigaste oppdrag. Verda for Kristus.