Møte

Full bil til malinké-leir

Det var lange dagar og lange møter under presenningar og et skuggefullt tre. Men malinkeane eg hadde med meg, blei rørt av undervisninga.

Kvart år har ein malinkéleir. Leiren blir drevet av ein assosiasjon beståande av evangelisk protestantiske kyrkjer og misjonar her i Mali som arbeidar for å nå malinkéar. Ein har ikkje ein fast leirstad, men bytter på kvar leiren er.

NLM er med og støtter denne assosiasjonen økonomisk. NLM støtter også deltakarar frå våre områder som vil reisa, men som kanskje ikkje har mogelegheit til å betala sjølve.

 

Full bil

Eg var lenge spent på om eg ville få nokon med meg på leiren. Fleire har nok lyst å reisa, blant anna ei dame som eg kjenner. Men med barn og mykje ansvar i familien, blir det vanskeleg å reisa vekk ei heil veke. Draumen min er at heile familien kan bli med ein gong: mann, to koner og fleire born. Dei har alle høyrt mykje frå Bibelen og om Jesus.

Tysdag morgon blei det avreise, ein dag for seint. Eg, ein eldre mann og eine sonen hans. På vegen stoppa me i Bamako. Der plukka me opp ein gjeng frå Elfenbenskysten. Dei kom i minibuss saman med Fredrik Berge. Fredrik og ein evangelist reiste til landsbyen nokre dagar og evangeliserte før dei også kom til leiren. Bilen var no full. 3 stykk framme og tre bak.

 

Lange dagar og lange møter

Det var intense dagar. Vekking kl 6, for dei som budde på skulen. Måltida blei inntatt utandørs. Eg satt saman med damene som kokte og åt under eit stort, skuggefullt tre. Om ettermiddagen var det fotball. Kveldane blei brukt til å visa Jesusfilmen og det var evangelisering i landsbyen me var i.

Matfat
Mye mat:Det blir mye mat når man er samlet til leir. 4-5 personer delte på hvert matfat. Kjersti Gangstø

Det var til dels lange møter, gjerne to timar i strekk og nokre gongar over det også, på små og harde skulebenker om formiddagane og ettermiddagane. Møtesalen var utandørs delvis under to store presenningar og delvis under eit stort tre som fleire gongar blei brukt som eksempel på ulike ting i undervisninga.

Møte
Lange møter:Flere av møtene varte i over to timer i varmen. Men folk lyttet oppmerksomt. Kjersti Gangstø

Sterk undervisning

Det vart blant anna snakka om at me har eit val. Om ein skal velja Gud må ein veta kven han er. Gud eksisterer. Gud har eit namn og han ønsker at me skal velja Livet. Livet vårt avhenger av vårt forhold til Gud. Gud snakkar til oss og ønskjer å gi oss eit heilt liv, ikkje eit halvt.

Undervisninga rørte ved dei to eg hadde med herifrå. Mange gongar tenkjer eg at faren har begynt å tru. Kanskje han ikkje er bevisst på det sjølv? Kanskje han er det, men der er hindringar for han i det å bekjenna seg som kristen?

Tre og presenning
Utendørsmøter:Store presenninger og et stort tre ga høyst nødvendig skygge. Kjersti Gangstø

Gud er med

Sonen sa ein kveld at han er bekymra for framtida. Han lurer på korleis han skal forsørga seg. Det er ikkje jobb å få. Det er også ein frykt for kva andre vil seie om han vel å bli ein kristen.

Eg tok fram Daniels venner: Sadrak, Mesak og Abed-Nego i Daniel kap. 3. Dei ville ikkje tilbe andre enn Gud, sjølv om det skulle kosta dei livet. Dei valde å ikkje bøya seg. Det var sikkert ikkje lett. Alle såg at dei ikkje bøygde seg. På grunn av det blei dei kasta i eldomnen. Gud var med dei.

Om ein vel å bli ein kristen, står ein utan å bøya seg for andre menneske eller gudar. Det er ikkje lett og ein kan kjenna på frykt, men Gud er med. Eg håpar og ber om at både son og far ein dag kan få ta i mot Jesus som sin Frelsar.

Kjersti Gangstø

Utsending