For kvinnene i nordvest i Elfenbenskysten er den årlege dameleiren i Ouaninou eit lyspunkt i ein krevjande kvardag. Her får dei påfyll av tru, fellesskap og håp – trass i motgang og utfordringar.
Årets happening er snart i gang for damene nordvest i Elfenbenskysten. Frå ein kvardag prega av strev, bekymringar og hardt arbeid, er dameleiren i Ouaninou eit etterlengta avbrekk. I denne kulturen har kvinnene ansvar for mat, heim og barneoppdragelse, i tillegg til arbeid på rismarkene og vedhogst til kveldsmaten.
Når pengar manglar til sjukehus, medisinar eller husleige, er uro aldri langt unna. Fleire av kvinnene er også dei einaste kristne i sine landsbyar, ofte utan støtte frå familie eller ektefelle. Nokre opplever forfølging fordi dei trur på Jesus.
Likevel kjem dei – år etter år. Bibelsenteret CEBLO i Ouaninou blir fylt med kvinner frå nærliggjande landsbyar som Koonan og Dioman, der MELCI har arbeid. Ei gruppe kjem heilt frå Abidjan, etter ein busstur på opptil 14 timar.
Leiren startar med opningsmøte onsdag kveld.
Temaet i år er «Guds kjærleik – det største og viktigaste bodet» (Matteus 22,36–39), med særleg fokus på Guds kjærleik til kvinner og til vår neste. Vi har med to eldre kvinner frå Abidjan, og ei av dei, Dorcas Goitas, står for undervisninga.
Undervisninga går føre seg på dioula, med omsetjing til fransk. Kvar dag byrjar med bøn og song, etterfølgt av undervisning, lovsong og dans til tam-tam-trommer. Etter lunsj er det kvile i varmen, før ettermiddagen held fram med workshop. Kvelden blir avslutta med middag og film – i år filmen Maria Magdalena.
Det største høgdepunktet på leiren i år var då ei kvinne gav livet sitt til Jesus. Ei enorm glede, og høgtid for oss alle! Eit enormt sterk oppleving.
Siste kvelden var sett av til bøn. Det vart bede for dei som slit i familieforhold, for sjuke og for dei som ønskjer seg barn. Bøn har ein sentral plass, og trua på at ingenting er umogleg for Gud står sterkt blant folket.
Leiren blir avslutta med gudsteneste i kyrkja i Ouaninou sundag. Alle kler seg i same stoff – ein lokal tradisjon der kvar deltakar syr sitt eige antrekk.
Helga har vore prega av samhald, bøn, song, dans, måltid og glede. Kjærleiken og omsorga kvinnene viser kvarandre er tydeleg. Trass i alt dei ber på, er dei fylte av tru og takksemd.
For ein ny misjonær i Ouaninou var dameleiren ei sterk oppleving. Takknemda er stor – for Guds kjærleik, frelsa og for gleda når nokon vel trua.
Møtet med desse kvinnene, med deira varme og engasjement, gir ny motivasjon til å halde fram i kallet om å nå ut med evangeliet.