Dette er elva Kaine som vi krysser når vi skal til Acasio. Heldigvis er der bru over, for så stor som dette på min førre tur  trur eg ikkje har sett den før.

Eg skulle så gjerne...

Vi er no i mai. Og sidan vi er månadens misjonsfelt her i Sør-Amerika er eg vorten bedd om å skrive noko. Eg skulle så gjerne hatt noko positivt å skrive om, men ser ikkje alltid kva det skulle vere.

No kan det sjå ut til at vi får noko positivt å skrive om snart i høve eigedomsforvalting her i Bolivia, men med så mange steg fram og tilbake over mange år, ynskjer eg ikkje igjen å kome med nyhende før eg er sikker på at vi kan feire.

 

God avslutning

Eg er byrja å verte ein gammal mann, men før eg gjev meg skulle eg så gjerne hatt noko gjennombrot her, som eit godt minne både for misjonen og for meg sjølv. Som kona mi ofte seier, det er viktig med gode avslutningar.

Vi er i ein nedtrappingsfase no. Det å kvitte oss med “gods og gull” var naturleg nok ikkje fokuset i tidlegare tider, derfor klandrar eg ikkje forgjengarane som har vore i same posisjon at ein tross alt har prioritert og fokusert på å nå ut med evangeliet, drive opplæring og gode diakonale prosjekt her i staden for å sjekke at dokument og eigedomspapir er i orden. Ofte når ein trur at alt er i orden, så dukkar det lett opp nye moment rundt neste sving.

Privilegium å få dele

Likevel er eg ofte ute i felt og får formidle Guds ord og driv med katekismeopplæring. Det er eit stort privilegium, og eg kjenner meg velkomen der eg ferdast.

Det er nemleg ikkje naudsynleg å setje seg inne på eit kontor og vente på neste gong ein skal skrive under på eit dokument. For bolivianarane er nok best på å ha oversikta og springe rundt til forskjellige offentlege og private instansar. Men ting tek tid. Eg prøver likevel å vere oppdatert på kva som skjer, og er av og til med på turane ute i gatene.    

 

Portrettbilde

Malvin Ommedal

Utsending