Elevar har show

Storslått jubileumsfeiring på Jesus Maestro

Jesus Maestro-skulen i Cochabamba har gjennomgått ei imponerande utvikling sidan byggestarten i 2000. Under feiringa 24. september vart både historia og veksten markert med talar, gåver og elevinnslag.

Onsdag 24. september var det duka for storfest på Jesus Maestro (Meisteren Jesus) i Cochabamba i Bolivia, ein skule med over 1 000 elevar fordelt på alle klassetrinn, og 95 elevar på spesialavdelinga for psykisk utviklingshemma. Det er fleire parallellklasser på same klassetrinn.

  

Ti år med bygging og vekst

Bygginga gjekk føre seg over ein tiårsperiode frå 2000 til 2010, under leiing av samarbeidskyrkja vår (ICEL), og vart finansiert med NORAD/bistandsnemnd-midlar gjennom Misjonssambandet. I 2018–2019 vart skulen utvida med eit nytt byggetrinn (bygd og finansiert på same måte), då det vart starta opp yrkesfaglege linjer innan gastronomi og miljøleiing.

  

Program med talar og elevinnslag

Feiringa var storslått, og programmet varte i tre timar – ikkje rart det vart mykje skravling under feiringa frå både elevar, foreldre og andre. Mange autoritetar hadde noko dei skulle ha sagt.

Generalsekretær Ivan Figueroa i ICEL starta med ei takketale med åndeleg innhald. Etter å ha sunge nasjonalsongen, heldt rektor ved skulen, Rosmery Coca Villarroel, ei historisk oppsummering. Deretter følgde mange innslag frå elevane, innfletta med talar frå autoritetar som ordførar/rådmann, undervisningsstyresmakter på fylkes-, distrikts- og kommunalt nivå, og andre. Formann i ICEL, Limberth Fernandez Coronado, heldt også ei tale. Det kom ikkje få gåver frå alle kantar, så rektoren hadde nok å bere vekk.

Rektor Rosmery Coca Villarroel med historisk resyme
Malvin Ommedal

Gåver og kostyme

Det var mange spektakulære innslag frå elevane, med utsøkte kostyme som dei truleg har lånt frå bedrifter som driv med utlån av slikt. ICEL er i dag lite involvert i skuledrifta, og Misjonssambandet endå mindre.

Elevar har show
Malvin Ommedal

Skulen i dag og framtidsutsikter

Søkartalet til skulen er formidabelt, grunna mykje innvandring og nybygging i området der skulen ligg. Skulen har eit godt rykte og kan sjå lyst på framtida.

 

Portrettbilde

Malvin Ommedal

Utsending