F.v. Malvin Ommedal, notaria Tatiana Cespedes og kjøpar Augustin Muñes

No kan vi feire for andre gong

Det er godt med alt som er ordna. No er også den andre delen av eigedomen i Cochabamba selt.

Då eg i juni skreiv noko liknande, var det i høve at vi hadde seld eine halva av eigedomen der DNS fungerte fram til 2013. Deretter har vi brukt eigedomen som kontor både for Misjonssambandet og den nasjonale kyrkja ICEL.

Eigedomen består eigentleg av to eigedomar, ein eigedom med bygningsmasse, og den andre er ei lita grasfotballbane. I juni vart alt ordna med den eine delen, no i november fekk vi heldigvis sluttført salet av fotballbana også til ein kompanjong av firmaet som kjøpte førre eigedom. Dei har hatt tankar om saman å utvikle eigedomane som ligg ved sida av einannan.

 

Godt å vere på gli

Laurdag 22. november, same dag eg reiste til Noreg for siste gong i år, var alle innbetalingar på denne siste eigedomen også komne, og det var tid for å signere dei siste dokumenta hos notaria. Det gjekk etter plana. Noko feiring med blautkake eller liknande styrer vi ikkje med, men det er godt med alt som er ordna.

Vi har likevel meir enn nok av andre eigedomssaker å ordne opp i, og etter å ha «stanga i veggen» i lang tid, opplevast det at vi no er på gli.

Vi ber om at dette ikkje berre er business, men forvalting av kapital som er til gagn for Guds rike og nesten vår.

Portrettbilde

Malvin Ommedal

Utsending