Casto-rojas-salet. Overlevering av ein pose med nøklar

No kan vi feire

I førre blogginnlegg skreiv eg at: Eg skulle så gjerne … Ja, eg skulle så gjerne hatt noko positivt å skrive om, men ynskte ikkje å kome med nyhende før eg var sikker på at vi kan feire.

6. juni 2025 var tida komen til å feire. Vi har ein eigedom som eigenleg består av to eigedomar i gata Casto Rojas i Cochabamba. På den eine eigedomen står bygga medan eigedomen ved sida av er ei lita grasfotballbane. Dette var kjøpt for lenge sidan til Den norske skulen misjonen dreiv i Bolivia.

 

Frå skule til kontorfellesskap

Men i 2013 var det slutt på norsk skule i Bolivia, og vi inviterte den nasjonale kyrkja ICEL til å ha kontorfellesskap med oss på same tomten. I januar i år flytte vi ut i høve sal av desse eigedomane, og vi flytte inn i lokale som ICEL eig og vi har no endå nærare kontorfellesskap med dei enn før. Vi har fått det veldig greitt her og.

Det har vore eit maraton med papirkrøll fordi det var feil i dokumenta våre, og det er diverse prosessar for å rette opp det eine og det andre, men den 6.juni kunne vi endeleg feire å ha vorte ferdig med eigedom 10.

 

Casto Rojas i Boliva er solgt
Casto Rojas solgt:Fabian Cabrera (kjøpar), Malvin Ommedal (seljar) og Tatiana Cespedes (notaria) Privat

Solgt

På det vedlagde biletet saman med notaria gløymde vi å vise fram det endelege dokumentet, men der står vi side om side fh. kjøpar, seljar og ho notariaen. Eit anna bilete viser teamet som har arbeidd med dette i årevis, to frå kjøpar og sekretæren vår Jackeline og meg frå misjonen som seljar. Houvudbiletet viser ein heil pose med nøklar som vart overrekt ein annan gong.

No er vi millionærar i banken, og endeleg dokument er utsteda og signert og eigedomen har fått ny eigar. No tek vi fatt i den andre eigedomen ved sida av (eigedom 11, fotballbana), det er ein annan kjøpar men dei to kjøparane er kompanjongar og kjem til å samarbeide om utvikling av eigedomane.

Og no har vi pengar til å få ordne opp i og sluttføre donasjonar/overdraging av eigedomar som kyrkjer og anna til nasjonal kyrkje og helsevesen blant anna.

Casto Rojas i Boliva er solgt
Teamet bak Casto Rojas salet:fv. Jackeline og Malvin frå seljar, Ximena og Fabian frå kjøpar. Privat
Portrettbilde

Malvin Ommedal

Utsending