
- Eg gler meg til neste gong, ropte ein av elevane då me skulle heim frå leirskule.
I starten av april reiste heile NCS til kysten av Kenya for å vera saman ei lita veke på leirskule. På programmet stod mykje symjeopplæring, nokre utflukter, god mat og godt fellesskap, sandslottkonkurranse, strandrydding og litervis med solkrem. Dei fleste elevane hadde med seg mor eller far, eller begge delar, og det var også nokre småsysken med på tur.
Mange elevar sette stor pris på å vera saman på hotellet me var på. For sjuandeklassingen Kristine Dyrøy var det tredje leirskule på same stad. «Det aller beste med leirskulen er fellesskapet». Andre peika på maten som høgdepunkt, eller «splashen»; brusdrink med stilige fargar.
Mellomsteget var på dagstur til Mombasa og festninga Fort Jesus, eit byggverk med lang historie. Ein annan dag tok me båten ut for å snorkla og leita etter delfinar. Delfinane hadde diverre gøymt seg då, men turen var kjekk likevel med vind og saltvatn i håret og brente nasar på heile flokken.
Resten av tida gjekk med til symjeundervisning i det fine og varme bassenget. Det var veldig kjekt å sjå elevane utvikla symjedugleikane sine. Fleire lærte å symja for fyrste gong. Andre symde lengre enn dei nokon gong har gjort.
Siste kvelden hadde me underhaldningskveld. Her hadde alle klassane kvar sine underhaldingsinnslag med god trening i å stå framføre folk. Sjølvsagt bidrog også både lærarar og foreldre. Avslutningsvis delte rektor ut symjeknappar til heile gjengen, frå dei som har lært seg å flyte til han som symde ei heil mil.
Medan elevane hadde undervisning, kunne foreldre og småsysken leika og slappa av, eller slenga seg med på istur til byen, til stranda for å bygga sandslott, ut med båt for å sjå delfinar, og i bassenget for å læra seg å symja. '
NCS er ein skule med eit stort mangfald av elevar. Ei av mødrene uttrykte etter turen at det var fantastisk å bli kjend med alle. Nokre kveldar leika ungane gøymsel, andre kveldar spela dei mafia. Etter å ha lagt dei yngste ungane, vart det også tid til den gode drøsen for dei vaksne. Og nokon avslutta dagane med å sjå fotballkamp saman – det viser seg at Champions League når langt utover Europa.
Men fotballkampar tar slutt, det gjer også leirskular, og denne leirskulen tar toget heim til Nairobi.
«Eg gler meg allereie til neste gong!» ropte ei jente medan me venta på togstasjonen.