Åpning av kunstutstilling i forbindelse med reformasjonsjubileet

Reformasjonen 502 år

Timesvis med korps, pressekonferanse, kunstutstilling, bokforedrag og gudsteneste; bli med på reformasjonsjubileum i Arequipa!

Storstilt feiring i hjarte av Arequipa

Det er ikkje kvar dag ein får vere med å feire ein 502-åring. Førre veke var det to dagar med ulikt opplegg og feiring i høvet reformasjonsdagen. Det heile byrja med korps frå forskjellige evangeliske skular i Arequipa. Dei skulle gå rundt éin time kvar på torget i sentrum. Medan dei gjekk rundt ute, byrja pressekonferansen på kommunehuset like ved. Her fekk me høyre litt om reformasjonen og NLMs Stedlig representant, Tore Bjørsvik, fekk sagt litt om NLM. Tore Bjørsvik, saman med tre andre leiarar klippa snora for å opne kunstutstillinga som bestod av rundt tjue Luthermaleri som til vanleg er å finne på SETELA.

 

Bokpresentasjon 

Tomás Gutierrez Sanches, rektor ved SETELA, hadde onsdagskveld foredrag om den nye boka si, «Protestansimo y poder», (Protestantisme og makt) på eit av universiteta i Arequipa. Israel Mandujano, lærar ved SETELA, kom med nokre kommentarar til boka etterpå.

 

– Kva var det beste med heile feiringa, Tomás?

– Det som var det beste var at våre evangeliske brødre på nytt fokuserer på Luther og ser viktigheita av reformasjonen. Vidare fortel han at reformasjonsfeiringa er viktig fordi den gir oss identitet. Den fortel oss kven me er og kvar me kjem frå. Det å kunne samlast på tvers av konfesjonar hjelper oss til vidare dialog mellom evangeliske kyrkjer og det gir auka toleranse.

 

Fellesgudstjeneste for reformerte kirker i Arequipa
Fellesgudstjeneste:Pastorar og brødre og søstre frå mange forskjellige kyrkjer i Arequipa. Ragnhild Bjørsvik

 

Fellesgudstjeneste

På sjølve reformasjonsdagen blei det heldt fellesgudsteneste på kommunehuset i Arequipa. Her var det samla pastorar og brødre og søstre frå mange forskjellige kyrkjer i Arequipa. Det var ein fullstappa sal. Tore Bjørsvik fortel at noko av det beste med feiringa var at det var så godt oppmøte på fellesgudstenesta og det at så mange hadde prioritert å komme på gudstenesta ein morgon midt i arbeidsveka. Gjennom gudstenesta fekk me på nytt høyre om viktigheita av reformasjonen og kva den hadde betydd for samfunnet. Det blei òg fokusert på «Skriften alene», «Jesus alene» «Nåden alene» og «Troen alene». Noko me kan samlast om, uavhengig om me er luteranarar eller frå andre evangeliske kyrkjer.

Portrett Marianne Thormodsæter

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant