Oversiktsbilde over Juliaca

Innestengt men takksame

Hilsen fra Sør-Amerika i forbindelse med koronaviruset.

På sundagskvelden kom presidenten i Peru, Martín Vizcarra, med ein klar beskjed til folket: Hald dykk heime!

I ei ekstraordinær tv-sending erklærte presidenten unntakstilstand i landet i 15 dagar framover. Alle grenser er stengde og det er verken mogleg å kome seg inn eller ut av landet. Dei har òg byrja å stenge distriktsgrensene.

Det blei òg erklært at det ikkje lenger er mogleg å gå ut av huset. Alle skal sitje heime i karantene. Det er ikkje lov å ta seg ein tur ut for å spasere, jogge eller sykle. Det er likevel mogleg at ein person frå kvar heim kan få gå på butikken eller apoteket.

Alle skal ha heimekontor forutan dei som har jobbar som må gjerast no i denne situasjonen. Dersom ein går ut risikerer ein å bli møtt av hæren og politiet og ein kan få bøter.

I Bolivia er det førebels registrert langt færre tilfelle av viruset, men dei har likevel no valt å stenge lande- og distriktsgrensene. Det vil òg vere regulert kva tid det er lov å ferdast ute og kva tid ein kan gå på supermarkedet.  

 

Trygge i heimane våre

Det går bra med oss misjonærar i Peru og Bolivia og me er rolege til situasjonen. Sjølv om ein kan kjenne seg litt innestengt, er me likevel takksame for å ha eit hus og ein heim der me kan vere.

Men kva skal ein eigentleg gjere på når ein berre kan vere heime? Her får de sjå litt korleis nokre av misjonærane i Peru har det:

Marie Sol gjør lekser
Ekstra mykje norsk:«Maria Sol går til fysioterapi. Der må ho bruke maske og vaske henda sine når ho kjem inn. På veg heim blei me stoppa av 1 politibil, 1 politimotorsykkel og 6 væpna soldatar. Fysioterapeuten ligg så nært huset at det gjekk fint og me slapp forbi. Maria Sol får mykje meir norsk no enn til vanleg, og me supplerer med engelsk, spansk og matematikk.» - Marie Vargas Privat
Jonas Pablo smiler til kamera
Lekser:«Jonas Pablo har fått litt lekser frå barnehagen og ligg no langt framføre skjema mtp. norsk.» - Marie Vargas Privat
Ingebjørg på kjøkkenet
Heime åleine:«Minimalt med sosial kontakt: det betyr for min del to veker i heimen åleine. Aldri har sosiale medier betydd så mykje. Men med litt baking, innetrening og takterrasse trur eg det skal gå bra. Eg har tross alt det eg treng. Når ein i tillegg kan arbeide heime ifrå, er jo det berre eit pluss. Og så får ein plutseleg god tid til å lese og sette kristenlivet ut i praksis med bibel og bønn.» - Ingebjørg Martinussen Privat
Svein Harald gjør papirarbeid
Ikkje fri:«Er nabo med språklæraren, så blir ingen skulefri på denne karen. Men koser meg med det.» - Svein Harald Lindtjørn Privat
Portrett Marianne Thormodsæter

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant