Kirken Encuentro con Cristo i Arequipa

Noko å glede seg over

«Kva er det me held på med her? Er arbeidet me gjer her verdt det?»

Eg trur dette er tankar som dei fleste utsendingar kan tenke av og til. 

Eg vil difor fortelje om noko som gjorde at eg kjende på viktigheita av arbeidet me har. For litt sidan blei eg og familien invitert i 45-årsdag. Det var ikkje kva som helst 45 årsdag, det var til lokalkyrkja «Encuentro con Cristo» i Arequipa.

 

Byrjinga

Eg byrja fort å rekne på det. Kunne dei verkeleg fylle 45 år? Norsk Luthersk Misjonssamband fylte jo akkurat i januar 45 år i Peru. Kunne dei då fylle 45 år? Eg fekk beskjed om at eg kom til å forstå det på jubileumsfesten.

Eg var ganske spent, korleis hadde dei klart å få det til å bli slik? Det viste seg at dei hadde rekna heilt frå første bibelstudiet heime hos dei første misjonærane, Mette og Kjell Jaren, 4. juni 1978. Dei som hadde vore med der, hadde vore med på det som etter kvart blei kyrkja «Encuentro con Cristo». Ein kan jo ikkje bli anna enn imponert over iveren etter å feire!

 

Stolt!

Det var ei full kyrkje, med over hundre vaksne, der dei fleste går der til vanleg. Det var først vanleg gudsteneste, før me fekk eit historisk riss og me inviterte gjestar fekk kome med helsingane våre. Slik det bør vere (i seriøse bursdagar), var det sjølvsagt eit «mariachi-band» som i kjent stil song lovsongar medan me fekk middag.

Mariachi-band syng lovsangar
Marianne Th. Lindtjørn

Det gjorde inntrykk å få vere der og oppleve kor glade dei var for kyrkja si, for misjonen som hadde kome og delt evangeliet, og for at dei no kunne dele det vidare. Som representant for misjonen kjente eg på stoltheit. Tenk at arbeidet vårt har betydd noko!

  

Verdt det

Det er fort gjort å tenke i det daglege på alt som kunne blitt gjort annleis, alt ein skulle ønske me hadde fått til og kunne bidrege til. Det blei på denne jubileumsfesten tydeleg for meg at det verkeleg var verd det å kome med evangeliet til Peru for 45 år sidan.

Menneske har fått høyrd evangeliet og tatt i mot, og no deler dei vidare. Litt etter litt så ser ein resultat av arbeidet, og resultat som ein skal få glede seg over!

Familien Lindtjørn
Estefani Nuñez

 

Portrett Marianne Thormodsæter

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant