Marianne T. Lindtjørn og rektor på FUSBC, Luis Eduardo Ramírez Suárez smiler og utveksler håndtrykk

Ein opptur til Colombia

Studentar ved SETELA i Peru får ikkje godkjente grader. Men no kan dei fullføre graden i Colombia og få godkjent grad i teologi! Det er ei stor glede, og ei stor moglegheit.

SETELA er inne i ei spanande tid der målet er å utarbeide ein plan for dei neste ti åra. Kva skal me vere? Kva rolle skal me spele for å utruste til teneste her i Peru? Er det fleire mogleikar enn det me sjølve ser? Kan me få til meir?

Eg er av den oppfatning at me framleis har mykje å bidra med og kan utvikle SETELA som utdanningsinstitusjon framover. Det er båe gøy, spanande og slitsamt å få stå i.

  

Eit bønnesvar

I samband med dette, har det lenge vore eit ønske at SETELA skal få offentleg godkjente studiar. Det har vore mange faktorar som har gjort det vanskeleg å få til, og i dag får ikkje studentane våre godkjente grader etter tre år hos oss.

Det var difor kjekt då me fekk kontakt med Fundación Universitaria Seminario Bíblico de Colombia, eit evangelisk universitet i Medellín, Colombia, for nokre månadar sidan. Dei hadde høyrd at det var krevjande å få til å få godkjente studiar i teologi i Peru og såg på det som eit bønnesvar å høyre frå oss og kunne få hjelpe!

Utsikt over universitetet
Vakkert:Universitetsområdet er frodig og ligg vakkert til. Marianne T. Lindtjørn

Inspirerande

Eg inviterte difor med meg rektor og to lærarar frå SETELA på studietur til det nemnde universitetet for å sjå på mogleikane for eit samarbeid, samt sjå korleis dei gjer det og kva me kan lære av dei.

Det var inspirerande å sjå korleis dei har fått til overgangen frå å vere eit seminar (slik me er) til å bli universitet. Eit universitet som berre driv med teologi. Dei er eit interkonfesjonelt evangelisk universitet og utdannar til teneste for veldig mange kyrkjer i Colombia.

Frå venstre: Oscar Bellido (lærar SETELA), Félix Vargas (rektor SETELA), Marianne T. Lindtjørn (SR Sør-Amerika og styreleiar SETELA) , Luis Amezquita (akademisk leiar SETELA)  og Luis Eduardo Ramírez Suárez (rektor FUSBC)
Reisefølge:Frå venstre: Oscar Bellido (lærar SETELA), Félix Vargas (rektor SETELA), Marianne T. Lindtjørn (SR Sør-Amerika og styreleiar SETELA) , Luis Amezquita (akademisk leiar SETELA)  og Luis Eduardo Ramírez Suárez (rektor FUSBC). Marianne T. Lindtjørn

Opnar nye dører

Før me reiste der ifrå, fekk me signert samarbeidsavtale mellom SETELA (Seminario Teológico Luterano Latinoamericano) og FUSBC (Fundación Universitaria Seminario Biblico de Colombia). Dette gjer at uteksaminierte SETELA-studentar (og dei som fullfører etter kvart) kan ta ferdig graden sin i teologi hos dei og få offentleg godkjente studiar i teologi.

I Colombia og Peru må ein gå 4,5–5 år for å få det som er bachelor i Noreg. Dette vil ein kunne ta digitalt der.

Marianne og rektor på FUSBC, Luis Eduardo Ramírez Suárez skriv under avtale
Formelt:Marianne T. Lindtjørn og rektor på FUSBC, Luis Eduardo Ramírez Suárez underskriv avtale. Marianne T. Lindtjørn

Like viktig som å signere avtalen, var det å sjå korleis dei klarer å drive og drifte ein teologisk institusjon her i Sør-Amerika. Så får me håpe at det blir ein opptur for dei som vel å ta ferdig teologigraden sin i Colombia og til inspirasjon for oss som skal lage tiårsplan!

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant