Det er utruleg givande å få stå i dette arbeidet. Å få peike på Jesus og støtte dei lokale kyrkjene. Men vi skulle vore fleire!
Eg er heldig. Eg har i mange år fått stått i ei teneste for Gud og for Misjonssambandet i Sør-Amerika. Det kjennes av og til ut som det er ei livstid sidan eg kom ut her. 24 år gammal, akkurat ferdig med teologistudier og spent på kva det heile skulle bli.
Dagane har gått fort. Frå å vere einsleg, vere lærar på det teologiske seminaret SETELA og sykle overalt – til å ha ektemann og barn, vere stadleg representant og følgje opp arbeidet og samarbeidskyrkjene våre på eit overordna plan.
Så kva har eg fått vere med på?
Det er båe gleder og utfordringar i livet ute på felt. Eg vil seie at gledene overgår utfordringane.
Det å få vere med å stå i tenesta her, undervise, bidra til at menneske skal få vekse i kjennskap til vår Herre og Frelsar. Gå eit stykke på vegen med enkeltmenneske og ei heil kyrkje. Å prøve å bety ein forskjell for eit folk og eit land der det å ha hatt eit ekte møte med Jesus og evangeliet framleis er mangelvare.
Eg har fått sett liv som har blitt forvandla og som held fram med å bli forvandla av evangeliet og den frigjerande bodskapen me har der.
I dette arbeidet står eg og eit fåtal utsendingar for Misjonssambandet i Sør-Amerika. Tenk om me kunne ha vore fleire?
Fleire som kunne gått saman med og støtta pastorar og leiarar i kyrkja. Fleire som kunne ha gått med og støtta lærarar og elevar på SETELA. Fleire som kunne ha støtta kristne brødre og søstre i oppturar og nedturar, som kunne ha bidratt inn i lokalmenigheter, som kunne ha bidratt inn i barne- og ungdomsarbeid. Som kunne støtta kyrkja til å bli økonomisk sjølvstendig. Som kunne ha bidratt til kyrkjer som tek evangeliet vidare.
Behova er store og arbeidarane er få. Vil du stå i tenesta i Sør-Amerika saman med oss?
Tenesta er meiningsfull og kvardagen er givande. Og veit du? Du kan til og med drikke god kaffi kvar einaste dag!