Brigitte Deysi Suni Cáseres foran SETELA

Sommarpaktikant hos Misjonssambandet i Arequipa

Brigitte ser fram til å få vere til hjelp og støtte for både kristne brødre og søstre og misjonærane.

Brigitte Deysi Suni Cáseres har studert eitt år på SETELA og skal no ut i praksis medan det er sommarferie her i Peru. Ho er frå byen Arequipa og skal ha praksis i ein lokal kyrkjelyd, «Castillo Fuerte», der mannen hennar er pastor, samt at ho skal vere sommarpraktikant hos Misjonssambandet i Arequipa dei neste seks vekene.

Eg tek meg ein liten prat med Brigitte for å høyre litt om hennar første år på SETELA og kva forventningar ho har til praksisen sin.

 

Blitt betre kjend med Gud

– Det har vore eit inspirerande første år på studiet, fortel ho.

Ho har har fått lære meir frå Guds Ord, Har fått oppklart forskjellige spørsmål og tvil som ho hadde, og ho har på det personlege plan fått bli betre kjend med Gud. Mannen hennar Jhon har tidligare studert på SETELA, og ho fortel at det var veldig kjekt for han at ho òg ville studere teologi.

Ho trekk òg fram at det har vore stas å få bli kjend med nordmenn på SETELA som Gud har førebudd og sendt ut hit.  

 

Ser fram til å bidra og lære meir

Det første året på SETELA har vore ganske teoretisk, men ho trur likevel at ho kan bruke det ho har lært i dei oppgåvene ho skal ha dei neste vekene. Ho var først litt bekymra for om ho kunne bidra med noko, men då fekk ho beskjed om at ho skal vere til hjelp og støtte for brødre og søstre og stå saman med dei. Det gleder ho seg over og ser fram til å bidra på gudstenester og særleg drive med ein del husbesøk.

Ho syns det var kjekt å få vite at ho òg skulle få ha nokre dagar i veka på Misjonssambandet sitt kontor i Arequipa. Ho trur det er mykje lærdom å hente og har eit ope sinn og eit villig hjarte til å bidra inn der det trengs.

Hugs gjerne på Brigitte og alle medstudentane hennar i bønn når dei no skal ha praksis rundt om i kyrkjelydane!

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant