Klasserom Abidjan

– Ein kan alltids lære

Gjennom alfabetiseringskurset i kyrkja i Abidjan får Maryam betra lese- og skrivekunnskapen sin. – No kan eg skrive ned det eg tenkjar på, seier ho glad.

Ho kunne forresten lese og skrive litt, for ho gjekk jo faktisk på skule fram til ho var 14 år. Det var etter at far hennar døydde at mora ikkje hadde råd til å sende ho av garde på skulen lenger, dermed vart ho verande heime nokre år.

Etter kvart byrja ho på sykurs for å lære seg eit yrke. Det var her, som lærling, at ho møtte på Iréne*, som òg lærer seg syyrket.

No sit begge damene i kyrkja saman med ti andre og prøver gjere sitt beste på denne eksamensdagen. Eg får lov til å snakke litt med Maryam før ho gjer seg heilt ferdig og leverer inn eksamenspapira.

 

Tek kunnskapen vidare

– Eg har lyst til å kunne utrykke meg bra på fransk blant venene mine, er eit av argumenta hennar for kvifor ho deltek på alfabetisering. Ho seier i tillegg at ho ynskjer å lære vekk det ho lærer her.

Heime plar Maryam undervise og lære bort til dei som er rundt ho og ikkje har lært like mykje enda.

– Eg gjer det kjent, seier ho, om det ho lærer på alfabetiseringa.

Stor forandring

Den ivrige studenten vår byrja på alfabetisering no i byrjinga av 2018 og kunne starte i nivå 2 sidan ho har hatt litt skulegang i tidlegare alder. Eg spør Maryam om ho har merka noko forbetring eller endring i lese- og skriveferdigheitene frå ho byrja i januar til og med no i mai.

– Ja, svarar ho, – eg har merka ei stor forandring i løpet av kurset. Eg har lært betre å lese og skrive, no kan eg i tillegg skrive ned det eg tenkjer på, og skrive det rett utan å måtte slå det opp eller spørje nokon, konstaterer ho fornøgd.

Alle kan lære

I klasserommet sit det damer i alle aldrar, frå 14 år opp til og med 60. Moglegheita til å delta på kurset uansett alder er noko Maryam tek opp som veldig positivt.

– Her er det mogleg å lære noko uansett alder. Ein kan alltids lære.

*Navna som er brukte i artikkelen her er fiktive navn av omsyn til sikkerheita.