Rebecca på biltak

Reisa gjekk gjennom Mongolia

Reisa gjekk gjennom Mongolia frå aust til vest, til min nye heim i Khovd. På vegen traff det meg kor vakkert Guds skaparverk er. Kor unikt og perfekt det er.

Mongolia var ikkje slik eg tenkte. Eg tenkte det skulle være flatt steinlandsskap over det heile. Med ein og annan ger og eit par dyr i ein flokk. Eg hadde ikkje venta at det skulle vere så vakkert som det viste seg å vera.

 

Mine forventningar møter røynda

Framleis er det grønt etter sommarregnet, og store flokkar av husdyr beiter på dei vide grasmarkene som ein stad langt der framme møter eit fjell. Ein og annan bekk renn gjennom små klyngjer av busker og trær og gir liv i det ørkenliknande landsskapet.

Det er langt mellom menneska og bustadane deira. At dei er sjølvforsynte i eit slikt landskap undrar eg meg over.

 

Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko.

Grønt gress og elv
Vakkert:Mongolia viste seg å vere landet der stepper møter fjell. Rebecca Aarseth

Vegen gjekk igjennom Gobi

Vidare gjekk reisa mot Khovd gjennom Gobi-ørkenen, og ein gjetar til hest vinka då me køyrde forbi. Han leier geitene sine til vatn og gras, og heim igjen kvar dag.

Store flokkar av kamelar vandra langs vegen. Me fekk prøve å ri ein og det kjendest litt ut som å vere til sjøs. Den vogga gjennom landsskapet av sand. Den sklei bedageleg framover og verka heilt uforstyrra av bilvegen og passasjerane.

 

Han lèt meg liggja i grøne enger,

han fører meg til vatn der eg finn kvile.

Kameltur i ørken
Kamelar:På vegen stansa me ved ei sanddyne. Maiken Hadberg

Khovd i sikte!

Vegen til Khovd gjekk langt i frå knirkefritt i bokstaveleg forstand. Det knirka, humpa, gassa og bremsa om ein annan. Land Cruiseren klarte dei varierande vegane godt. Utanom ein punktering gjekk det radig mot vest.

Spenninga steig i bilen i det Jan Ingve kunne fortelje at me nærma oss Khovd. Det var ingen særleg endring i landsskapet. Det var ørken, grasstepper og fjell. Det var her i nærleiken me skulle bu. Det var hit Gud har sendt meg i år. Til denne aude staden.

 

Han gjev meg nytt liv.

Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld.

Utsikt over Khovd
Min nye heim:Første glimt av Khovd by. Rebecca Aarseth

Eg speida etter byen, og på toppen av ein bakke stoppa me bilen for å sjå det første glimtet av Khovd.

Det er litt skremmande å sjå den nye heimplassen sin første gong. Eg kjente det kitla litt i magen. Tenk det, så langt frå trygge gode Noreg! Men likevel så kjente eg meg trygg.

 

Om eg så går i dødsskuggens dal,

er eg ikkje redd for noko vondt.

For du er med meg.

Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.

 

Inn for landing       

I Khovd vart me godt motteke av familien Olofson og David som hadde tent på grillen til eit festmåltid. Tenk at ein kan kjenne seg heime ein stad ein aldri har vore før etter ein kveld! Etter lange dagar i bilen er det godt å leggje seg i ei ferdig oppreidd seng.

Eg gler meg til kva Gud har å vise meg her i tenesta mi i Mongolia og ser fram å bli kjent med familien Olofson og menneska rundt meg. Første natt i Khovd kunne eg sende ei takkebøn til Gud for all fin natur og at alt er så godt lagt til rette for meg.

 

Du dukar bord for meg framfor mine fiendar.

Du salvar mitt hovud med olje.

Mitt beger renn over.

Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar,

og eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider.

Salme 23

 

Rebecca Aarseth

Utsending