Arabisk bibel

Ord som kan seie det viktigaste

Språk er heilt naudsynt for å fortelje andre om Jesus, og eg kjempar for å lære. For eg vil ikkje at det skal vere ord eg manglar når eg får mogleheit til å fortelje om Ordet som blei menneske.

Eit av dei viktigaste verktøya for å kunne nå det målet NLM held fram i visjonen vår er språk. Når utsendingar sendes verda over med eit ynskje om å dele dei gode nyheitene, er språk ofte den største barrieren.

Ettersom Bibelen har blitt oversett til verdens språk, opnar dette for meiningsutveksling utan nødvendigvis å måtte seie så mykje sjølve. Dette siste er diverre ikkje ein moglegheit i sensitive områder som her i Nord Afrika.

 

Naudsynt, men vanskeleg

Det har mange gonger før blitt skrive om korleis relasjonsarbeid er den tunge vegen me må gå for å få dele det me trur på. Dette er sjølvsagt for vår eigen sikkerhet, då det å buse ut med for mykje på feil stad og til feil person kan føre til at me vert kasta ut av landet, og at konsekvensane kan være enda verre for dei lokale brødrane og systrene våre.

Så språk er viktig for oss. Her i landet snakkas det i all hovudsak to språk. Ei arabisk dialekt og fransk. Dei som kjem hit som arbeidarar dreg difor fyrst på språkstudie i Frankrike. Frå året i Frankrike sitt eg igjen med eit heilt akseptabelt nivå, og kan for det meste gjere meg forstått i kvardagen.

Det arabiske språket er det verre med, og læringa her går veldig trått. Litt fordi fransken har blitt ei krykke for meg, men også fordi det er veldig framand og vanskelig. Ikkje har eg noko valsamt språkøyre heller.

 

Ikkje berre nyttige ord

Ein ting som er veldig spesielt med franskkunnskapane mine, er at dei er veldig spissa mot det kapitla i læreboka vår handla om. Dermed har eg relativt mykje ordforråd om emna «mote» og «sosiale media,» men slit litt når eg bygg relasjon til huseigaren min gjennom hagearbeid og han ber meg hente «une pelle.» (fr: ei spade) Så står eg der i boden og lurer på om eg skal sjanse på at han vil ha raka, eller om eg skal svelge stoltheten og gå ut for å få instruksane ein gong til. Nokre gonger hugsar han berre ordet på arabisk, og då vert me ståande der med kvar vår smarttelefon og «googler» i veg for å finne meining.

 

Språk for bodskapen

Det kanskje beste med den språklæringa eg fekk i Frankrike, var at me gjekk på ein skule driven av kristne, og at eg fleire gonger i veka hadde timer i korleis eg skulle formidle dei gode nyheitene på fransk.

Så om den dagen kjem, og eg vonar han gjer det, at eg skal få dele det viktigaste i livet med huseigaren min, så er eg klar. Då har eg vokabularet på plass. Det er derfor eg held fram me å kjempe for å lære meir arabisk. Eg vil ikkje at det skal være ei barriere som avgrensa kven eg kan nå.

 

Skriven av "Erlend", utsending i Nord-Afrika

Utsending i Nord-Afrika