Gutt sitter alene på trapp i bakgate med gamle murbygninger

Eit år i uvisse

Det vart eit rart, langt og etter kvart slitsamt år for oss, men det har vært langt verre for befolkninga i Nord-Afrika. Vi må fortsette å be for dei – for alt folket som enno ikkje har høyrt evangeliet.

I månadsskiftet februar-mars 2020 held Nord-Afrika-feltet årsmøte. Mot slutten byrjar me å skjønne at det er noko stort i gjerde, og at reisemoglegheitene kanskje vil bli innskrenka i nær framtid.

Landet me bur i er tidleg ute og stenger ned stort sett alt, men heldigvis får den besøkande leiinga frå Oslo reist ut før det er for seint. Me har òg besøk av to grupper frå skuler i Noreg, og dei vert fyrst verande, men det syner seg raskt at det ikkje går. Etter ein god del styr kjem dei seg til slutt til Noreg, og igjen sit to slitne familiar som endeleg kan puste ut.

Som felt vert me samde om å bli verande. Me vil stå saman og vise at me ikkje dreg med ein gong det vert tøft. Me såg verdien i dette, og i ettertid er me også samde om at dette var ein god slutning.

 

Ein ny kvardag

Så går tida. Dagane fyllast opp av ungar og heimeskule. Me får ikkje gå ut, anna enn at eg går på butikken ein gong i veka.

Den lokale samarbeidsorganisasjonen vår her nede set alle prosjekt på pause og opprettar eit nødhjelpsprogram i staden. Det handlar om å nå flest mogleg av dei hardast ramma, og me får då også hjelpt mange som har det særs vanskeleg.

Etter ein månad med total nedstenging byrjar dei gradvis å opne landet, men fyrst i byrjinga av juli får me meir fridom og kan leie eit feriehus for litt sårt tiltrengt avslapping. Noregsferien er for lengst avlyst.

Tilbake i byen vår prøvar me å få tida til å gå, og me får mange moglegheiter til å investera i relasjonane våre med dei lokale. Det er jo difor me er her.

I august får me nok ei eining ut på felt, borna er tilbake på skulen og det er god stemning over heile fjøla. Så kjem bølge nummer to.

 

Ein sliten flokk

Denne gongen vert ikkje landet stengt ned. Det har dei ikkje råd til, for då vil arbeidsplassar forsvinne og folk vil mest sannsynleg døy av svolt i staden. Eit allereie overarbeida helsevesen vert no sprengt.

Der moralen i teamet var veldig god i vår, byrjar motet no å svikte. Me er slitne, me sluttar å drive relasjonsarbeid på grunn av risikoen for smitte, og tida går sakte. Til slutt når me eit slags botnpunkt, og det vert avgjort at me alle skal dra heim på ein tidleg juleferie.

I midten av desember vert det bestemt at me ikkje reiser ut igjen i januar som planlagt. Sidan vår familie skulle flytte heim igjen sommaren 2021, betyr det at me avsluttar perioden eit halvt år tidlegare enn planlagt. I januar reiser eg difor aleine ut att på feltet for å få sendt flyttelasset tilbake til Noreg.

Og midt i dette har eg ei oppleving som liksom famnar heile året vi har lagt bak oss.

 

Jenta utan bekymringar

Ein dag eg var ute og køyrde, stoppa eg i eit lyskryss. Her i landet er det vanleg at fattige går frå bil til bil ved lyskryssa og ber om almisser, og ved dette lyskrysset var det ei dame frå Syria. Ho hadde med seg dei to døtrene sine.

Den eine var ein stad mellom sju og ti år gamal, og ho satt roleg inne på fortauet. Den andre var vel ein tre-fire år gamal. Eg har sjølve ungar på same alder, og det var noko med denne unge jenta som rørte meg.

Ho dansa rundt på fortauet utan ei einaste uro i livet, og mora måtte fleire gonger bort til ho for at ho ikkje skulle virre ut i vegen. Fattigdom og håplausheit er noko ein kan lese i auga på dei fleste her nede, men det var noko med denne litle jenta som knuste hjarta mitt.

I det me fekk grønt lys og trafikken byrja å røre på seg, byrja også tårene å trille. Kona og borna mine i Noreg, alt som har hendt dette året, dette uskyldige barnet som enno ikkje kjende verdas brutale realitet, det faktum at borna mine mest truleg aldri vil måtte oppleve det same og tusen andre tankar og kjensler eksploderte i hovudet mitt. Eg braut rett og slett saman.

Då eg var tilbake seinare den same dagen, var dei borte. Eg vil aldri treffe dei igjen, men vil nok lenge ha med meg minnet.

 

Ei realistisk avslutning

Men så vert nok òg dette ein dag borte. Me flyttar heim til Noreg og vert sveipte i jobb, fritidsaktivitetar og tidsklemma. Slike forteljingar og det nordafrikanske folket vil kome på avstand. Det er trist, men det er også røyndom.

Dette innlegget har ikkje noko sluttpoeng, og det sluttar faktisk her. Det var berre mi forteljing om året som har gått, og om realiteten som rår i Nord-Afrika.

Guds fred over deg og dine med alt det dykk står i, og over alt det folk som ikkje har fått høyre dei gode nyheitene enda.

Utsending i Nord-Afrika